Årsmøte i Hordaland Bygdekvinnelag
Årsmøtet vart halde på Hardangerfjord Hotel i Øystese 7. mars.
8.mars var me på Fartøyvernsenteret i Norheimsund.
Årsmøtet vedtok at laget vert delt inn i tre regionar i staden for fire. Det vart òg vedteke at årsmøte skal haldast rundt omkring i Hordaland, ikkje sentralt i Bergen. Elles vanlege årsmøtesaker. Me sender ut referat.
Styret er no samansett slik:
Liv Kolskår, leiar
Gerd Laura Bondhus, nestleiar
Liv Solfrid Lono, skrivar
Astrid Etterstad, kasserar
Inger Karin Dyrnesli, nettsideansvarleg
Siv Helle Prestegard, 1.vara
Guro Holmberg, 2.vara
Helga Fossheim, 3.vara
Vertslaga stod for underhaldning under middagen.
På Fartøyvernsenteret fekk me sjå korleis dei lagar tau, og me fekk høyra om, og sjå båtbygging. Me såg og den svært fine filmen "Då sjøen var vegen".