Hopp til hovedinnhold

Hordaland Bygdekvinnelag

Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen Foto: BdB

Àsa gjekk gjennom årsmeldinga Foto:Bdb

Lunsj på laurdag Foto:Bdb

Elevar frå Kulturskulen Foto:Bdb

Glassblåsing Syse glas Foto:Bdb

ÅRSMØTE I ULVIK 19.-20.MARS 2022


ÅRSMØTE

LAURDAG 19.03. OG SUNDAG 20.03 VAR ME SAMLA I VAKRE ULVIK TIL ÅRSMØTE I HORDALAND DISTRIKTSLAG.

44 flotte damer var samla på Brakanes Hotell, ei utruleg flott ramme rundt årsmøte vårt.

Me byrja laurdag kl.11.00 med velkomsttalar frå Margunn Hauso Leiar i Ulvik Bygdekvinnelag 

og Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen.

Me fekk ord for dagen frå Ivar Bu Larssen.

Etter det leia Ordstyrar Ingebjørg Winjum oss gjennom årsmøte på ein framifrå måte.

Me fekk gjennomgang av Årsmeldinga, revidert rekneskap, arbeidsplan og budsjett for komande år.

Som vart godkjent utan dei store diskusjonane.

Àsa held ein flott Leiar si tale.

Me behandla innkomne saker om bruk av Nynorsk, medlemskontigent og bladet Bygdekvinner som me ynskjer 

kjem ut 4 gonger i året som tidlegare.

Valg blei gjennomført 

Åsa Gunnarsdottir frå Ulvik Bygdekvinnelag vart gjenvald som leiar og Brita Dagestad Bjørke frå Voss Bygdekvinnelag som nestleiar. Styret består elles av Helga Fossheim frå Omvikdalen Bygdekvinnelag, Siv Helle Prestegard frå Vikebygd og Aga Bygdekvinnelag, Astrid Lunestad frå Øystese Bygdekvinnelag og  1.vara Liv Solfrid Lono frå Odda Bygdekvinnelag.

 

Så var det festmiddag med flott underhaldning av lokale krefter i Ulvik.

 

Sundagen kom og me åt ein lang frukost og praten gjekk lett i salen. Kjekt og møtast fysisk att.

Etter frukost delte me oss i 2 grupper, eine gruppa vitja Hauge senteret og andre gruppa gjekk til Syse glas.

Her fekk me flotte opplevingar.

 

TAKK FOR EI STRÅLANDE FIN ÅRSMØTEHELG I ULVIK !