Hopp til hovedinnhold

Hordaland Bygdekvinnelag

Haaheim gard Foto Bdb.

Stemningsbilde foto Bdb

Stemning over alt på på Haaheim Foto.Bdb

Inngang til resepsjonen Foto: Bdb

ÅRSMØTE PÅ HAAHEIM GÅRD 25. OG 26. MARS 2023

ÅRSMØTE I HORDALAND DISTRIKTSLAG

25. og 26. april var me så heldige og halde årsmøte på Haaheim gård på Tysnes.

Nærmare 60 flotte damer  frå alle kantar av Hordaland var samla til årsmøte og hyggeleg tid saman.

Torstein Hatlevik tok i mot oss og var med oss og tilgjengeleg heile helga.

Møte starta med velkomstord frå Jorunn Støle Bjordal frå Tysnes Bygdekvinnelag.

Helsing frå ordførar på Tysnes.

Og ord for dagen ved Esther Falk.

Årsmøte vart gjennomført med Ingebjørg Winjum som stødig ordstyrar.

Årsmøtesakene vart gjennomført uten store diskusjonar.

Me fekk leiars tale og gode ord frå Ellen Margrethe Garn frå Norges Bygdekvinnelag.

 

Laurdag kveld var det festmiddag .

Her hadde mange pynta seg med bunad , stasleg !

Me fekk kammerkor song og Grethe Brundtland held eit flott innlegg.

Loddsalg vart trekt og mange kom heim med flotte gevinstar.  Takk til alle som bidrog med flotte gevinstar.

 

Søndag fortalde Torstein Hatlevik om historien om Haaheim Gård, frå eit nedslitt gardsbruk til dette flotte Historiske Hotellet det er i dag.

Så fekk me foredrag av Hans Tore Brekke om skulemuseet i Solheimdalen.

Me avslutta dagen med felles oppgåver på tvers av laga i fylke, fekk gode innspel som styret kan jobbe vidare med.

 

Heile helga fekk me servert nydeleg og spennande mat frå kjøkkenet på Håheim. Me budde godt i dette spennande hotellet.

 

Takk for flott årsmøte !