Hopp til hovedinnhold

Hordaland Bygdekvinnelag

Bondens Marked

Bygdekvinnelag på Bondens Marked

Me laga blomar

Blomar av restestoff

Bygdekvinnelaget på Bondens Marked

Bygdekvinnelaget på Bondens Marked i Bergen

Laurdag 01.oktober var me i Hordaland Bygdekvinnelag så heldige og få vera med på Bondens Marked i Bergen.

Me hadde me oss 2 nye flotte roll up som Logolink på Voss har laga til oss.

Me hadde med oss vervebrosjyrer, Bygdekvinneblad, oppskrifter, power point med bilder av aktivitetar.

Åsa hadde laga til material til blomar av restestoff. Me sat og sydde desse og når folk kom innom og snakka med oss fekk dei ein blom. Veldig kjekt og kunne gjere dette, fin måte og få i gang praten.

Det var innom mange folk i løpet av dagen og me har ei lita von om at det er intresse for Bygdekvinnelag i Bergen.