Hopp til hovedinnhold

Hordaland Bygdekvinnelag

Velkomst

Helga og Liv Solfrid ynskjer velkomne og registrere deltakara Foto: Bdb

Mat

Gode påsmurde skiver og kaffi ved ankomst Foto: Bdb

Mange deltakakr på Streifen

Mange deltakara , sett i arbeid med blomar av restestoff Foto:BDB

Helene Olsen

Helene Olsen frå Kinsarvik Bygdekvinnelag ynskjer velkomen. Foto:Bdb

Àsa Gunnarsdottir

Àsa Gunnarsdottir ynskjer Velkomen Foto: Bdb

Anna Gursli Langsæter

Anna Gursli Langesæter fortalde om Siderklynga og Hardanger Musikkfest Foto: Bdb

Bokashi

Siv Helle Prestegard fortalde om bruk av Bokashi Foto: Bdb

Korsong

Korsong av ei lokal songgruppe. Foto: Bdb

Ellen T.Astrup

Ellen Trulsdatter Astrup held innlegg om Miljø og gjenbruk. Foto:Bdb

Helene og Àsa

Àsa takkar Helene for ein flott Streif i Hardanger Foto:Bdb

BYGDEKVINNESTREIF I KINSARVIK 29.OKTOBER 2022

BYGDEKVINNESTREIF I KINSARVIK 29.10.2022 MIKKELPARKEN FERIESENTER

Laurdag 29.oktober var  nermare 60 bygdekvinner frå 12 ulike lag i Hordaland samla til Streif i Mikkelpark Feriesenter.

Litt ruske vær på vegen men godt og varmt og kome inn i møtelokala.

Me vart tekne i mot av Helene Olsen i døra og inne var det sett fram nydlege smørbrød og kaffi.

Etter kvart som folk fann seg plass fekk dei utdelt sirklar av restestoff frå Àsa og instruksjon i korleis dei kunne lage seg ein blom .

Når alle var komne vart me ynskt velkomne av Helene og Àsa til Streif.

Første innlegg var ved Anna Gursli Langesæter som fortalde om Siderklynga og Hardanger Musikkfest. Me fekk eit innblikk i korleis dei arbeider.  Tydleg at her arbeider alla mot eit felles mål.  Eit flott innlegg.

 

Neste var Siv Helle Prestegard frå Distriksstyret som snakka om korleis ho nyttar Bokashi heime hjå seg. 

Eit inspirerande innlegg som kanskje vil friste fleire til og prøve dette, og dermed minke matsvinn.

Så fekk me besøk av ei lokal songgruppe som gav oss ei flott oppleving med fine songar og me fekk vere med og syngje sjølve, veldig kjekt.

Så var det lunsj med Betasuppe og eplekake, god mat og nokon av oss nytta høve til ein beinstrekk før neste innslag.

Så var det Ellen Trulsdatter  Astrup sin tur.

Ho held eit times innlegg om Utnytting av ressursar , miljø og gjennbruk. Eit flott innlegg av ei veldig engasjert dame.

Dette var med og setje ting i eit større perspektiv, og eg vil tru fleire enn meg vil tenkje og engasjera seg endå meir i forhold til desse tinga.

Så avslutta me med loddtrekning og mange fekk med seg heim ein gevinst og to.

 

TAKK FOR EIN STRÅLANDE FIN DAG I KINSARVIK !

    Og tru det eller ei me greidde og få tatt eit bilete av styret i Hordaland Distrikslag samla. Styret i HBK