Hopp til hovedinnhold

Hordaland Bygdekvinnelag

Streifen

Liv Spilde og Aud Marit Netteland Foto Brita D.Bjørke

Kristin Lemme frå FLOR Foto: Brita.D. Bjørke

Mannekengfamsyning Foto: Brita.D.Bjørke

Bygdekvinnestreifen på Bjørgum


Streifen på Bjørgum 29.02.2020

29.februar kl.11.00 var nesten 100 bygdekvinner samla i Solheim Ungdomshus til første streifen i 2020.

Me vart tekne i mot med kaffi, rundstykker (heimelaga ) og frukt.

Etter kvart var alle damenen benka i festsalen .

Så braka det laust med eit fantastisk program.

Àsa frå Fylkesstyret og Liv frå Bjørgum bygdekvinnelag ynkste velkomne.

Så var det Kristin Lemme frå FLOR som kom på scenen, ho fortalde på ein engasjerande og sprudlande måte om tanken bak 

klesmerket FLOR , arbeidsklær for kvinner.  Desse klærna er laga med tanke på at dei ikkje skal stramme på feil plassar og ikkje vere 

for store , noko ein opplever ofte ved bruk av arbeidsklær som eigentleg er berekna for menn.

Så fekk me ei strålande mannekengframsyning ved damer frå Bjørgum Bygdekvinnelag , og god forklaring frå Kristin om dei forskjellige 

funksjonane på klærna.

Etter det var det Bjørgum bygdekvinnelag sin tur.

Me fekk ein flott presentasjon av oppskriftshefte dei har gitt ut, tanken bak, prossesen og korleis nå målet.

Så fekk me presentert dei andre aktivitetane til laget på rim. 

Til slutt fekk me eit musikalsk innslag med tema kva ville eg bli om eg ikkje var Bygdekvinne. Ei strålande framsyning.

 

Så var klokka lunsjtid.

Me fekk servert nydeleg Supandesoppa, heimelaga karamellpudding og anislefse.  Eit nydeleg måltid .

 

Så måtte underskrivne forlate streifen , men eg vil tru at resten av dagen var like sprudlande og flott som første del.

TUSEN TAKK TIL BJØRGUM BYGDEKVINNELAG SOM LAGA EIN SÅ FLOTT STREIF FOR OSS !!!!!