Flott Streif på Stalheim
74 bygdekvinner var samla til Streif på Stalheim 26.september
Streifen starta med lapper og kaffi i eit av husa på museet. Der var òg Symra med sine produkt. Etterpå var det omvisning i museet med Trygve Dugstad. Museet har fleire gamle bygningar, og over 5000 gjenstandar. Utruleg! Etter omvisning var det lunsj, tomatsuppe, sosakjøtt og kaker. Veldig godt. Koret DUS song.
Det var og ei økt med yoga og pusteøvingar. HBK og lokale bygdekvinnelag fortalte litt om kva som skjer. Tilslutt vare det åresal og mange flotte gevinstar Me var ferdig kl. 17.00. Veldig kjekk dag.
Takk til bygdekvinnelaga på Vossestrand og styret i Hordaland Bygdekvinnelag for ein fin dag!