Hopp til hovedinnhold

Hordaland Bygdekvinnelag

Frivilligheitas år

Innlegg frå Lokallaga i Hordaland

Helsing frå Tysnes Bygdekvinnelag

Me er no i gang med haustens aktivitetar.Laurdag 3.september arrangerte Tysnes Kommune «Vår dag» og inviterte alle frivilljuge lag og organisasjonar til å presentera seg i Tysnes hallen, og her hadde me sjølvsagt ein Stand.  Me hadde forberedt oss godt, med ein ny Roll Up og nye brosjyrar. Me hadde med smaksprøvar på både lefse, flatbrød og potetkaker. Med ein godt plassert Stand fekk me mykje besøk. Og resultatet blei 2 nye medlemmar.  

Ivrige damer

Måndag 12. september startar me opp med lagsmøte, som denne gongen er Bygdekvinnetreff som skal vera opent for alle. Og denne dagen kjem Celine Lunde Rød frå NFI-Tysnes og fortel om sy og strikkeprosjektet dei jobbar med no. (NFI står for nyfødt intensiv)

So har me planar for 16.oktober.  Denne sundagen skal me ha opent hus i Tinghuset, og servera betasuppe med flatbrød.  Me skal ha med oss elevar i 4.klasse ved Uggdal skule og saman skal me baka flatbrød nokre dagar i forvegen.  Alle lærarar, elevar og foreldre blir invitert.  Me vonar at og denne dagen kan bli god for marknadsføring av laget og det arbeidet me gjer.

Tinghuset er lagshuset vårt.

Me er og godt i gang med planlegging av årsmøte til Hordaland som skal vera i mars. Måndag 15.august hadde me møte saman med Omvikdalen. Eg vil skriva litt meir om det seinare.

Med ynskje om ein fin haust frå oss på Tysnes.

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Her kommer en liten rapport fra Stord Bygdekvinnelag.

I forbindelse med Bygdekvinneuka laget vi til et lite arrangement i Hustrudalen. Der har Turlaget en fin gapahuk med bålpanner.  De som kom, fikk nystekte vafler og god kaffe. Vi hadde også en liten gjennomgang av planlagte aktiviteter for høsten.  Medlemmene hadde invitert med seg venner, og alle såg ut til å kose seg den fine sensommerkvelden. Et nytt medlem fikk vi også. 

Stord