Hopp til hovedinnhold

Hordaland Bygdekvinnelag

Årsmøtemiddag og hyggelig samvær. foto bjørg s

Agnete Sivertsen presenterer Hardangerskautet. foto Bjørg S

Hvordan Hardangerskautet blir festet.foto Bjørg S

Så skal selve skautet på.foto Bjørg S

Straks på plass . foto Bjørg S

Hardangerskautet i all sin prakt. Kunstverk. foto Bjørg S

" Folkelokk " sang og spilte for oss.foto Bjørg S

Ordfører Solfrid Borge, hilste fra Ullensvang herad.foto Bjørg S

Helene Olsen leder i Kinsarvik Bygdekvinnelag. foto Bjørg S

Fylkesårsmøte Hordaland Bygdekvinnelag , 31.mars og 1.april


Vertskap for årsmøte 2017:  Kinsarvik og Bu og Ringøy bygdekvinnelag yngste oss velkomen, både dei som kom fredag 31. mars og laurdag 1. april.  Årsmøtet og all anna aktivitet vart avvikla på Mikkelparken ferietun i Kinsarvik.


nokre hytter hadde fleire soveplassar


Kl 17:30 var me pynta og klare til Årsmøtefest.


Leiar i Hordaland Bygdekvinnelag Bjørg Strømme yngste velkomen og me song «Ditt sinn måte flyve». 


Så var det vertslaga sin tur til  ynskja velkomen:  Helene Olsen, leiar i Kinsarvik bygdekvinnelag og Manuela Bjotveit frå Bu og Ringøy bygdekvinnelag.


Festlyden song «Velkomen –song» som var spesiallaga for dette høvet.

Sa gav Helene Olsen ordet til Agnete Sivertsen, føredragshaldar for årsmøteføredraget. Ho er styrar for Hardanger folkemuseum, og ho snakka om prosjektet «Hardangerskautet».  Dette hovudplagget har vore brukt i Hardanger heilt sidan 1600-talet.  No var det berre Ingebjørg Byrkjeland frå Steinsdalen i frå Kvam som kunne kunsten å fella skaut.  Hardanger folkemuseum sette difor i gang med eit prosjekt for at denne kunsten ikkje skulle døy ut, men leva vidare.  Det var interessant å sjå og høyra korleis dette skautet vert laga til.  Me fekk sjå ein video der Ingebjørg Byrkjeland frå Steinsdalen fella skaut, og Agnete Sivertsen demonstrerte og kunsten for oss. Skautet er framleis mykje i bruk saman med Hardanger bunaden.

Helene Olsen takka for foredraget.  Agnete Sivertsen fekk ei gåveøskje med innhald frå Lutro in Vitro og ei skei frå HardangerBestikk.

I fruktbygda Kinsarvik var det naturleg at me song «Sidervisa».

Det var så ein pause i programmet medan me fekk smaksprøver på typisk mat frå bygda; krotakaker med smør eller prim, eplesaft m.v.  Det vert laga mykje godt av frukt og bær i Hardanger!

Så var det tid for festmiddag.  Manuela yngste velkomen til bords. Først song me «Tyttebæret oppå tuva».  Det vart servert nydeleg tre-retters middag, blomkålsuppe med persilleolje til forrett, nydeleg mørt kjøtt med ovnssteikte poteter.

Etter middagen kom «FOLKELOKK» og spela og song for oss.  To dyktige jenter med hardingfele og gitar og vakker sangstemme. Til takk fekk dei ei rose kvar og eit NBK-krus.

Aslaug Hauge Utne las tre Olav Hauge dikt.

Og så var det dessert med kaffi, sjølvsagt «tilslørte bondepiker» til dessert.  Me song «La oss leve for hverandre» og gjekk kvart til vårt.

 Årsmøtedagen. 

Helene Olsen gav så ordet til Alis Bjotveit for Ord for dagen.  Ho meinte vi ville få eit godt årsmøte.  Ho snakka og om «Oskefoten» (Askeladden) og symbolikken i alle hans gode eigenskapar som gjorde at han «fekk det til», nysgjerring, omsorgsfull, lyttande, raus, samarbeidsvillig osv.  Til slutt:  Det ordnar seg for kjekke jenter ….

Vidare gav Helene Olsen ordet til ordførar Solfrid Borge som helsa frå heradet.  Ho tok utgangspunkt i ordførarkjedet og det som det symboliserte.  Ullensvang herad skal no slåast saman med Odda og Jondal, og dei står framfor mykje arbeid med det.  Ho nemnde og arbeidsplassar dei har i heradet, ma ei avdeling av Statens Kartverk med 65 tilsette, 3. største avdeling i landet.  Elles var ho innom eldreomsorg og meinte det var sjølvsagt at eldre på institusjon skal ha lokalt tillaga mat (dette medførte framlegg til resolusjon om dette seinare i årsmøtet).  Ho nytta og høvet til å gje bort sin gamle vevgogn om nokon ville ha den.

 

Litt frå leiar Bjørg Strømme sin tale: 

Ho vonar at me alle får gode og nyttige erfaringar frå årsmøtet, oppleva fellesskapet og kan henta inn inspirasjon heim til lokallaga.  I løpet av året skjer det mykje i bygdekvinnelaget.  Ho viser til nye organisajonsdokument som det skal vera lettare å forhalda seg til.  Verving er aktuelt heile året, aktive lag er den beste vervebrosjyra.  Aktivitetar må spreiast via nett og Facebook.  Ho framhevar Omvikdalen bygdekvinnelag som har verva mange, ma med å ha gode aktivitetar.  Langtidplanlegging av hovudgjeremål er viktig.  Elles minna ho om at Norges Bygdekvinnelag sitt inspirasjonsseminar i år er lagt til Bergen, på hotell Terminus.  Auka kunnskap og sosialt samvær er nytting for alt fellesarbeid i laget.  Aktive bygdekvinnelag er viktige for bygdene. Me står for matsikkerheit og tradisjoner og gjer mykje nyttig dugnadsarbeid.  Bygdekvinnelaga er og flinke når det gjeld integrering.  Ho nemnde ACWW, «Associated country women» som me samarbeider med.  Deira motto for konferansen i 2016 var «Working together for a better future».  Konferansen var i England og ho deltok.  Bygdekvinnene er viktige samfunnsaktører – kjem med innspel og svarar på høringar.  Til slutt nemnde ho at me kanskje skulle prøva å få fleire menn med, og siterte Ellen Krageberg:  «Det skjer mye spennende i møte med folk som ikkje er som deg sjølv!»  Ho takka alle som har vore til god støtte, oppmuntring og hjelp, og las dei to siste versa av «Ditt sinn måtte flyve».

Sal av lodd til Bygdekvinnelotteriet vart avslutta til lunsj. 

Grethe Brundtland helsa frå Norges Bygdekvinnelag. Ho snakka ma om prosjektet «Kvinner UT» Skapa møteplasser for integrering i naturen. Prosjektleiar er tilsett frå mai

tekst : BMG

Framlegg frå valnemnda:

            Leiar:               Bjørg Strømme, Fitjar            Attval 1 år

            Nestleiar:        Åse Kleppe, Osterøy              Attval 1 år

 

            Styremedlemer:

            Voss:                Brita Dagestad Bjørke, Voss   Ny 2 år

            Sunnhordl.:      Ester Falk, Omvikdalen          Ny 2 år

            Folgefonn:       Liv Solfrid Lono, Odda            Ikkje på val

 

vara:          Hagny Flatabø, Øystese         Ny 1 år

vara:          Ingebjørg Winjum. Granvin   1 år

vara:          Else Lothe, Lothestrand         1 år

 

 3. mai  2017 har vi styremøte ¨på Hordaland Bondekontor.