Haustprogrammet startar med Streif
Hordaland Bygdekvinnelag og bygdekvinnelaga på Vossestrand inviterer til Streif på Stalheim laurdag 26.september
Me håpar mange vil ta turen til Stalheim, møta andre bygdekvinner, bli inspirerte og få ny kunnskap.
Stalheim er ein stad med mykje interessant historie, og bygdekvinnelaga har sett saman eit flott program.
Det som er nytt denne gongen, og for framtidige streifar, er at de må betala inn på konto til Hordaland Bygdekvinnelag når de melder dykk på. Kontonummeret til Hordaland Bygdekvinnelag er: 3546 30 41898
Dette er litt meir tungvint, men når ein betalar med vipps, er der mykje arbeid med å finna ut kven som har betalt inn, det kjem ikkje opp namn slik det gjer når ein vippsar privat.
Vil tru at flesteparten har nettbank no, slik at det skal gå greit. merk med namn og lokallag.
Loddsalet går som "normalt" på Vipps, eller kontant.
Håpar mange har lyst å ta turen til Stalheim i september, de er alle hjarteleg velkomne anten de er medlem eller ikkje.
Sjå invitasjonen under arrangement her på sida.