Hundre bygdekvinner samla i Sambygg
«Ingen er berre det du ser» – det var hovudbodskapen Thor Brekkeflat delte med rundt hundre bygdekvinner på årets Bygdekvinnestreif.
TEKST: INGEBORG BACKER, AVISEN HORDALAND
Hordaland Bygdekvinnelag var arrangør av streifet som vart skipa til på Stronde. Dei fire lokale bygdekvinnelaga, Egdetveit, Oppheim/Hauge, Myrkdalen og Vinje stod som teknisk arrangør. Samlinga i år markerte også 80 år sidan skipinga av fylkeslaget, i dag Hordaland Bygdekvinnelag. Fylkesleiar Bjørg Strømme fortalde litt om starten med Anna Bjørgum frå Voss som den første leiaren.
Fra: V. Kjellaug F. Dagestad leiar Vinje. Anna Torhild F. Blikberg leiar Hauge /Oppheim, Bjørg Strømme fylkesleiar, Ellen Krageberg leiar NBK , Anne Marit Skjervheim leiar Myrkdalen og Berly M. Giljarhus, leiar Egdetveit. Foto: Ingeborg Backer, Avisen Hordaland
Streifet starta med ein kopp kaffi og rundstykke før Gro Hagen Urheim tok oss med på ein svært interessant tur i «ville vekstar».
Interessante vekstar
Ville vekstar har vore eit tema for Norges Bygdekvinnelag i 2016, og Urheim fekk vekt interessa for alt me kan plukka utanfor stovehella og kva me kan bruka dei til: Brennenesle, skvalderkål, høymole, syrestylk, løvetann og mange, mange fleire, kjende og mindre kjende plantar. Dette interessante foredraget kan trygt nå ut til fleire.
Leiar i Norges Bygdekvinnelag, Ellen Krageberg, hadde teke turen til Stronde. Stor stas for alle Hordalandsmedlemmene å få møta den nyvalde leiaren. Ho snakka om det som er aktuelt i 2016 og om planar og mål framover. Me fekk inntrykk av ein både karismatisk og praktisk leiar, ho tok til og med eit tak med i oppryddinga etter samlinga.
Gatepresten sine historier
Den siste sekvensen på Streifet stod Thor Brekkeflat for. Som mangeårig gateprest i Bergen, hadde han fleire praktiske eksempel på kor lett ein kan setja stempel på eit menneske ut frå kva ein ser. Han minna oss på at inni kvar ein kropp, same kor elendig og nedkøyrt han er, lever dei same tankane, ynska og draumane me alle ber på. Den barmhjartige samaritanen nådde ikkje fram tidsnok til å avverga katastrofen, berre hjelpa etterpå, men det er lov å respondera i tide, det er lov å vera raus og det er lov å visa respekt, det minna han oss om. Som vanleg klarde Brekkeflat å gripa stunda. Responsen frå forsamlinga vart ståande applaus. Forsamlinga fekk også servert god betasuppe og kaffi med jubileumskake, med triveleg drøs rundt bordet på bygdekvinners vis.