Ikkje Streif, men møte på Vossestrand
Streifen på Vossestrand vart avlyst på grunn av ekstremveret Amy, men vertslaga og styret i Hordaland bygdekvinnelag møttest.
Vinden ruska fælt i Hordaland i natt og i morgontimane. Då fleire av deltakarane melde avbod, og ein av programpostane fall ut, valde me å avlysa dette arrangementet. Vertslaga og styret i Hordaland Bygdekvinnelag hadde likevel eit møte. Der diskuterte me praktiske ting i samband med arrangementet. Alle deltakarane får tilbakebetalt det dei har betalt inn. Det meste av maten som ikkje vart brukt vart seld til andre lag, og til dei som hadde møtt opp. Me hadde loddsal på gevinstane som hadde kome inn. Alt dette gjer at underskotet ikkje vert så stort. Det vert arrangert ny Streif på Vossestrand til våren, eller neste haust.
Takk til laga på Vossestrand som hadde førebudd streifen , skaffa god mat, og ikkje minst ei kjempegod kake.