Hopp til hovedinnhold

Hordaland Bygdekvinnelag

Fem damer framfor rollup med logo for Norges Bygdekvinnelag

Liv Kolskår, Liv Solfrid Lono, Astrid Etterstad, Inger Dyrnesli og Siv Helle Prestegard

Møtesal med skjerm

Landsmøtesalen

Ordstyrarar framfor stor skjerm med tekst

Den nye føremålsparagrafen

Skilt ved sti iskogen

Me tok De eldres vei

Utsikt over Drammen

Drammen sett frå Spiraltoppen.

I Gildesalen på Aass bryggeri.

Ølsmaking på Aass Bryggeri

Landsmøtet i Norges Bygdekvinnelag

Fem bygdekvinner frå Hordaland deltok på landsmøtet i Norges Bygdekvinnelag 4.-8.juni.

Landsmøtet vart halde i Drammen. 

På saklista stod viktige tema som ny føremålsparagraf, strategi, politisk plattform og arbeidsprogram. Det var gode og interessante diskusjonar. Frå Hordaland la me vekt på at dei små laga og er viktige for bygdene. 

Styret sitt framlegg til føremålsparagraf vart vedteken med små endringar. Det vart vedteke ein resolusjon om norsk korn, norsk mjøl og norske møller og ein om kvinnerettar og demokrati.

Kvelden før årsmøtet kunne me vera med på tur til Aass Bryggeri, på omvising og ølsmaking. Det Noregs eldste bryggeri og er framleis familiedrive. 

Fredag kunne me velja mellom busstur i byen og  tur til Spiraltoppen. 

Etter årsmøtet laurdag var det høve til å vera med på middag på Fosseholm Herregård. 

Eit flott opplegg av Buskerud Bygdekvinnelag og Norges Bygdekvinnelag. 

Det var inspirerande og kjekt å treffa bygdekvinner frå heile landet og høyra kva dei arbeider med. 

 

 

 

 

Norges Bygdekvinnelag arbeider for levande og inkluderande lokalsamfunn. Vi er partipolitisk uavhengige .Vi er ein pådrivar for norsk matproduksjon, likeverd, demokrati og mangfald. Vi styrker kvinner gjennom nettverk, kunnskapsdeling og praktiske aktivitetar, med respekt for den felles kulturarven vår og med blikk mot framtida.