Hopp til hovedinnhold

Hordaland Bygdekvinnelag

LEIARS TALE FRÅ ÅRSMØTE

Leiars tale, årsmøte i Hordaland Bygdekvinnelag 9.mai 2020

Kjære årsmøte, ordstyrar og andre gjester.

Mitt år: Då har eg hatt vervet som leiar i eit år og det har vert eit gjevande år.  Eg har hatt eit godt styre å samarbeida med og det ville eg ikkje vert utan.  Eg vil og sei at me har eit styre som er arbeidsame og har vert modige å læra seg nye ting.  Som eg og tenkte då eg var spurt å vera med i styret for nokon år sida; ”Bygdekvinnelaget står for positive ting og eg vil nok ha høve å læra mykje nye ting når eg vert med i eit fylkesstyre.”    Det må de tenkja på når de vert spurt å vera med i styreverv.

Dette året har det vore ein del oppgåver å jobba med, me var med på høyring om samanslåinga til Vestland der det var 100% einigheit i Hordaland at me framleis skal vera Hordaland Bygdekvinnelag. Sogn og Fjordane ville også behalda sitt lag. Det var mange gode grunner som de sende inn.  Eg har hatt ynskje om å møta flest mogleg lokallag og kunna vera med på møte.  Å få vera med på opne møte der me kunne fått verva nye bygdekvinner (eller menn).  Det vil eg gjerna vidare om eg får lov og tid.  Så de må ta kontakt med oss i styret og me kan vera med å leggja til rette for opne møte i di bygd for å freista fleire å melda seg i laget. Det er veldig kjekt når eg får tilbakemeldingar på e-post på sendingar de får frå oss, både rettingar og gode ord. Det er det fleire av dykk som gjere. Takk for det.

Gode samkomer:  Eg har hatt glede av å vera med på to flotte streif, på Stord der tema var KvinnerUT og på Voss med Bjørgum Bygdekvinnelag med tema tradisjonsmat. Det var kjekt å få koma på nye plasser og treffa så mange bygdekvinner. De er fantastiske verter må eg seia.  Og så fekk me treffa fleire bygdekvinner på kurs i Øystese der dei fekk lært å jobba med heimesida til lokallaget sitt og med organisasjonskurset frå nettsidene til Norges Bygdekvinnelag.  Regionsmøta var også veldig kjekke. Der fekk me gode diskusjonar og me opplevde at praten gjekk lett på dei møta.  Me i fylkesstyret har jobba mot landsmøtet og hatt møte med administrasjonen både i Bergen og på telefon.  Me fekk laga eit flott program for å visa fram fylket vårt. Men det vert forhåpentlegvis nytt høve ei anna gong å visa det.

Medlemsauke.  Talet på medlemar har gått opp i Hordaland. Med rundt 80 nye medlemar og mange av dei er under 30.  I starten av 2019 var me 776 medlemer og i starten av 2020 var det 811 medlemar i Hordaland. Så de skal vera krye av gode arbeid som vert gjort med verving. Det kan også skyldast gode og spennande aktivitet i laga.  Eg trur det har effekt når næraste naboar ser alle dei fine aktiviteta som de gjere i bygdene. Kjempebra jobba jenter J

Kva har eg lyst å leggja vekt på.  Eg har framleis lyst å få treffa dykk på heimebane og vera med på eit møte eller aktivitet så langt det går.  Me i styret set pris på å verta spurt å koma.

De får eit nyheitsbrev 3-4 gonger i året og det er kjekt om lokallagsleiaren sender det vidare til alle medlemane i sitt lag, slik at dei føler at dei er inkludert.                                                          Eg har vore innom klima i Nytt frå HBK og hatt ulike tema i kvart brev.  Dette er noko som bør vera viktig for oss alle og her er mykje me som bygdekvinner kan gå føre med i bygde vår. Tenkja gjenbruk, mindre plast, kortreiste varer, mindre reising og bruka nærmiljøet.      Eg veit at dette er de flinke til og at me bygdekvinner kan gjera forskjell, som sagt før; ingen kan gjera alt men alle kan gjera litt.

Våre hovud samarbeidspartnarar:  I år har me hatt med oss representant frå Bygdeungdomslaget og det har vert gjevande. At han har vert einaste mann i styret vår er jo flott. Nils Arne er no vald som leiar i Hordaland Bygdeungdomslag og det gratulerer me han med.  Bu i Hordaland har mykje å jobba med og dei har eit veldig spennande program.         Eg håpar at me kan støtta dei i sitt arbeid, for dei har også mykje arbeid med å behalda medlemsmasse og få med fleire. 

Hagny Flatabø har vore vår representant i Hordaland Bondelag og dei har hatt mange store saker på tapetet. Dei skal no gå i eitt med Sogn og Fjordane slik at i november er det Vestland Bondelag.   Før har me vore med bondelaget på Bergen matfestival og denne sommaren kan det vera at me stiller med dei om det vert matfestival. Vårt samarbeid med bondelaget er viktig.  Det er bøndene som sørger for maten her i landet og det er ei viktig jobb for oss slik som før å fremme deira produkt. Som Peder Nernæs leiar i Hordaland Bondelag oppsummerte med: ”spis norsk, spis sesong og spis opp”.

Jobben vidare og helsingar frå ordførarane:  Ja det er rare tider og mange aktivitet har vert avlyst av Bygdekvinnelaga.  Men ikkje mist håpet, bygdene treng dykk vidare og det er heilt sikkert at det vert sett pris på bygdekvinnelaga i alle bygder i Hordaland.

Eg har fått helsingar frå 6 av dei 8 kommunane som er med på årsmøte, og om det ikkje har kome helsing frå 2 så er eg sikker på at dei er einige i alt som vert sagt av dei andre ordførarane. Det er forståelig at ikkje alle har hatt tid å senda skriftleg helsing når eg spurte etter den. 

Til årsmøte i Hordaland Bygdekvinnelag
I Fitjar er me heldige som har eit aktivt bygdekvinnelag med mange  engasjerte medlemer.  Bygdekvinnelaget driv  mykje positivt arbeid som skapar trivsel og god folkehelse i bygda vår.  Kommunen og andre aktørar i bygda set stor pris på å samarbeida med bygdekvinnelaget, og eg som ordførar vil retta ei stor takk til alle dei dugande damene.
Venleg helsing  Harald Rydland   Ordførar i Fitjar kommune

Det er viktig med partipolitisk uavhengige lag som engasjerer breitt.
Bygdekvinnelag er ein tradisjons- og kulturberar også i Kvam, og me set stor pris på dykk!
No håpar me på opnare tider og på ny aktivitet i alle lag. Og eg kjem gjerne på vitjing neste gong de har samling eller kurs!     Torgeir Næss  Ordførar

Hei,
Bygdekvinnelaga på Voss er dei som tek mattradisjonane våre vidare, dei er våre lokale matekspertar!
Bygdekvinnelaga på Voss evnar å engasjera og motivera, dei er viktige sosiale møteplassar i heile heradet.
Bygdekvinnelaga på Voss gjev meining i kvardagen gjennom aktivitet og trivnad.

Venleg helsing     Hans-Erik Ringkjøb  Ordførar  Voss herad

Helsing til bygdekvinnelaget på Osterøy:
Bygdekvinnelaget har lenge vore viktige for Osterøy. Slagordet til bygdekvinnelaget på Osterøy er at det skal merkast at det er eit bygdekvinnelag i kommunen, og det merkast på Osterøy. Dei arrangerer mange gode og kjekke arrangement som er med å aktiviserer kvinner i kommunen og er med å bidrar med pengar til gode lokale formål som t.d. trivselstiltak for dei eldre. Eg er glad for at me har bygdekvinnelag i kommunen og stolt over arbeidet dei gjer for lokalsamfunnet på Osterøy.
Beste helsing   Lars Fjeldstad    Ordførar   Osterøy kommune

 

Ulvik bygdekvinnelag er ein særs synleg og viktig frivillig organisasjon for Ulvik samfunnet. De har ofta tettpakka variert program gjennom heile året med konsertar, kurs, messer, juleverkstad og andre arrangement,  som de er vertskap for, til glede for heile bygda vår.

Eg vil takka laget spesielt for at de ivaretek dei lokale mattradisjonane og ikkje minst at de har klart å halde på den viktige tradisjonen med jonsokbryllaup for dei små. Eg vil og berømma laget for måten de tek imot nyinnflytta kvinner til bygda, med ei personleg blomahelsing. Det gjev inntrykk!

Lykke til med lagsaktiviteten og årsmøte!   Hans Petter Thorbjørnsen   Ordførar Ulvik herad


Me er så umåteleg heldige å ha to bygdekvinnelag i kommunen, Stord og Huglo Bygdekvinnelag.
Det er vanskeleg å fatta meg i korte setningar om bygdekvinnene. Gjennom både å ta vare på kulturarva vår og også vera blant dei fremste på integrering av særskilt framandkulturelle kvinner, syner bygdekvinnelaga at det er med god rot i fortida ein er best på å sjå og forma framtida. Bygdekvinnene er blant våre beste samarbeidspartnarar innan frivillig sektor, og er eit førebilete med sitt gode humør og store engasjement.
Ynskjer bygdekvinnene lukke til med årsmøtet. Helsing Jakob Bjelland

 

Alt dette må de ta med dykk vidare.

Tusen takk for meg.