Hopp til hovedinnhold

Hordaland Bygdekvinnelag

Serinakaker i liten boks, tom mjølpose og egg på brett

NorgesGruppen og Møllerens mjøl

NorgesGruppen har gjort avtale om å kjøpa mjøl frå svenskeigde Lantmannen i staden for frå Norgesmøllene. Dette er me i Hordaland Bygdekvinnelag bekymra for. Me har skrive eit lesarinnlegg som me har sendt lokalavisene i vårt område. Innlegget kan du lesa her.

Det er no klart at NorgesGruppen har sagt opp avtalen med Norgesmøllene og inngått ny
avtale med svenskeigde Lantmannen. Møllerens mjøl frå Norgesmøllene vert då bytt ut med
Regal mjøl. Norgesmøllene er eigd av Felleskjøpet som igjen er eigd av norske bønder.
Lantmannen er eigd av svenske bønder.
I Noreg er det tre store matvarekjeder, NorgesGruppen, Rema 1000 og Coop. Coop sel Regal
og no skal NorgesGruppen byrja å selja Regal. Då vert Møllerens mjøl berre å få tak i hjå
Rema 1000.
Me i Hordaland Bygdekvinnelag er opptekne av å ta vare på mattradisjonar, og er bekymra
for dette. Mykje på grunn av at Møllerens mjøl er veldig godt å baka av. Det om
bygdekvinnelag i Hordaland har opplevd med baking av Møllerens mjøl er at det er litt
grovare male og lettare å få fin og god bakst av. ’
I vår region der Vaksdal mølle ligg, vert det ikkje råd å få tak i møllerens mjøl på butikken,
der må kundane til Bergen eller til Voss for å tak i møllerens mjøl.
Bygdekvinnelaget er også opptekne av levande bygder. Norgesmøllene bidreg til beredskap
og matsikkerheit gjennom drift og busetjing i Distrikts-Noreg. Norgesmøllens
produksjonsstader er på Buvika (Trøndelag) Vaksdal (Vestland) og Skien (Telemark).
Lantmannen har to produksjonstader i Noreg: Moss og Oslo.
Hordaland Bygdekvinnelaget meiner det er viktig at me har norsk eigarskap av norsk
matproduksjon og at ein kan halda oppe arbeidsplassar i Distrikts-Noreg.
Hordaland Bygdekvinnelag støttar dagens praksis hjå Norgesmøllene som tilbakefører
overskotet til norske kornbønder. Bonden får dermed midlar til å utvikla berekraftig
produksjon av korn og kornsortar som høver til eit klima i endring og norske forhold.
Me oppfordrar forbrukarane til å handla mjøl frå Møllerens.

Hordaland Bygdekvinnelag v/ leiar Liv Kolskår