Hopp til hovedinnhold

Hordaland Bygdekvinnelag

Kvinner rundt eit møtebord

Bygdekvinner i Vikøy

Gamalt hus med vev og museumsgjenstandar

Borgstova

Raud bygning med skiltet Borgstove

Nytt bygdekvinnelag i Vikøy

Vikøy bygdekvinnelag har starta opp att etter å ha vore nedlagt nokre år. Åsa Gunnarsdottir og Liv Kolskår tok turen til Vikøy for å besøka det nye laget.

Ein gruppe yngre kvinner har starta opp att laget. Dei er 9 medlemar no, 6 ungdomsmedlemmer og 3 ordinære. Dei håpar at etter kvart som det vert kjent vert dei fleire.6 ungdomsmedlemar og 3 ordinære.
I fyrste omgang ynskjer dei å laga sosiale møteplassar:

  • Tur der du bur
  • Badetreff
  • Kafe og arrangement i samband med den.
  • Ha det moro saman
  • Kreativitet, felleskap, nøysemd

Dei har møta sine hjå kvarandre. 

Vikøy prestegard er eit gamalt tun, der bur det folk fast, bl.a leiaren i laget Silje Ensby
Der bur ho saman med mann og barn. I tunet er det ei gamal røykstova frå 1815.
Tidemann har brukt den som modell i Haugianarane blant anna.
Det er også eit eldhus der laget håpar at dei skal kunna ha kurs i tradisjonsbakst. Med ovn
til å steikje brød i og ein kan steikja flatbrød på takke med vedfyring.

Distriktsstyret ynskjer det nye laget velkomen. Lukke til med arbeidet!