Hopp til hovedinnhold

Hordaland Bygdekvinnelag

Bilete av Liv Kolskår som smiler

Liv Kolskår

Møtelyden

Nokre av dei frammøtte

Ung jente som spelar toradar

Silje Skare Storhei

Nytt styre i Hordaland Bygdekvinnelag

Hordaland Bygdekvinnelag hadde årsmøte på Hotell Ullensvang 8. mars

Over 50 utsendingar frå heile Hordaland hadde møtt opp på Hotell Ullensvang for å vera med på årsmøtet. I tillegg var det observatørar og gjester. Årsmøtet vedtok årsmøtet å senda to resolusjonar til pressa. Ein om matberedskap og ein om gratis skulemat til alle

 Det vart valt nytt styre. Styret har konstituert seg og er no slik:

Leiar: Liv Kolskår, Bjørgum

Nestleiar: Gerd Laura Bondhus, Omvikdalen

Kasserar: Astrid Ettestad, Ulvik

Skrivar: Liv Solfrid Lono, Odda

Nettansvarleg: Inger Karin Dyrnesli, Kinsarvik

Varafolk:

1. Siv Helle Prestegard, Vikebygd/Aga.

2. Guro Holmberg, Stord

3. Helga Fossheim, Omvikdalen

Me gløymde dessverre å ta bilete av denne gjengen, det kjem seinare.

Etter det formelle årsmøtet var over var det middag, så flott toradarspel med Silje Skare Storhei før me fekk ein morosam og utfordrande kviss frå arrangørlaga.

Fleire besøkte det flotte badeanlegg og elles naut me tilværet og fellesskapet i dei luksuriøse omgjevnadane på hotellet.

Søndag 9. mars fortalde Bjørn Seljestad om det eventyrlege livet til bestemor si, Severine Seljestad og Erland Opedal fortalde om Opedalstunet. Det var og mange som tok turen opp dit.

Eit godt gjennomført og fint årsmøte, men er det slik me vil ha det i framtida? Det var eit av spørsmåla i gruppearbeidet og noko me skal arbeida vidare med dette året.