Hopp til hovedinnhold

Hordaland Bygdekvinnelag

Serveringsfat med krotakaker

Praktisk matkunnskap

Viktige saker for bygdekvinnelaget i valkampen:

Fleire undervisningstimar i faget mat og helse.
Kompetansekrav til lærarar som underviser i faget.
Eit lovfesta, gratis skulemåltid for alle born.

Kronikk: Praktisk matkunnskap - avgjerande for beredskapen. 

Har vi god nok beredskap – når færre og færre kan lage mat frå grunnen ?

Det handlar ikkje berre om matpakkar og middagar. Det handlar om framtidig beredskap, folkehelse  - og skilnaden på om lokalsamfunn kan klare seg sjølv i kriser eller ikkje.

Praktisk matkunnskap er i ferd med å forsvinne. I butikkane aukar utvalet av ferdigmat. Stadig færre veit korleis dei skal bruke råvarer. Mange born lærer aldri å lage mat heime. Då må skulen ta større ansvar. I dag er faget mat og helse det minste faget i heile grunnskulen. Det utgjer berre 2,5 prosent av timetalet – 197 klokketimar fordelt på ti år. Det held ikkje.

Mat er beredskap

Når kriser rammar – anten det er naturkatastrofar, straumbrot eller importstopp – treng vi kunnskap som sikrar at vi kan lage mat av dei ressursane vi har. Fisk, korn, poteter, mjølk, kjøt og bær. Alt dette har vi mykje av, men stadig fleire veit ikkje korleis dei kan skape fullverdige måltid frå grunnen av. Beredskap er ikkje berre lagerbygg og militærøvingar, eller kriselagre i heimane. Det må kunnskap til – i kvart hushald, i kvar bygd.

Mat er meistring

Skulefaget mat og helse må få fleire timar i skulen. Lærarane må ha solid kompetanse. Og alle born må få eit gratis, sunt skulemåltid kvar dag. Der er rettferdig. Det jamnar ut sosiale skilnader, og det verkar.

Mat og helsefaget gir meistring, motivasjon og praktisk dugleik som varar heile livet. Ingen andre skulefag er so tett knytta til kvardagen som mat og helse. Difor er det og eit verktøy for å byggje sjølvtillit, trivnad og like mogelegheiter for alle.

Kva no?

Me i bygdekvinnelaga vil ha:

  • Fleire undervisningstimar i faget mat og helse.
  • Kompetansekrav til lærare som underviser i faget.
  • Eit lovfesta, gratis skulemåltid for alle born.

Det er god folkehelsepolitikk. Det er god beredskapspolitikk. Og det er rettferdig politikk.