Hopp til hovedinnhold

Hordaland Bygdekvinnelag

Kvinner i raud t-skjorte og svarte forkle

Arrangørane

Kvinner rundt bord i festsal

Godt oppmøte

fat med lefser, vaflar, kludder og julebrød

Festfat

Folk framfor gamalt hus

Gunvor Øvregård fortel om bygdemuseet

Kvinne i stavkyrkje

Guiding i stavkyrkja

Røldal stavkyrkje
Åkle i fleire fargar

Åkle

Svart kort trøye

Trøye til Røldalsbunad

Utstilling av Røldalsbunadar

Medlemmene stilte ut bunadar

Streif i Røldal

Laurdag 30.mai arrangerte Røldal bygdekvinnelag Streif, i samarbeid med Hordaland Bygdekvinnelag

Dei er ikkje mange i Røldal Bygdekvinnelag, men dei er aktive. Denne dagen hadde dei dekka opp i grendehuset, til om lag 60 bygdekvinner frå heile Hordaland. Dei serverte det tradisjonelle festfatet frå Røldal: Lefse med mjølkekake, vaflar, kludde og julebrød, fint dandert.

Else Marie Sandal var invitert til å halda innlegg. Ho snakka om kulturarven og utviklinga i bygda, og synte eit biletspel frå eigen oppvekst. Her var me mange som kjende oss att.

Etter fyrste servering gjekk me til bygdetunet og fekk omvising, og deretter til stavkyrkja. Her fekk me informasjon om historia til dette spesielle bygget.

Så var det klart for neste servering i grendahuset: Kyllingsuppe med foccacia, smørgraut, festfat og kaffi.

Liv Kolskår informerte frå distriktslaget, og lokallaga fortalde kva aktivitetar dei har.

Me hadde og føre oss beredskap som tema.

Tradisjonen tru hadde med loddtrekning til slutt. Det var mange fine gevinstar og folk var ivrige etter å kjøpa lodd.

Me kan konstatera at Røldal er ei fin og mangfaldig bygd, og at ingen gjekk svoltne heim.