Hopp til hovedinnhold

Møre og Romsdal Bygdekvinnelag

Luke 12


Åsskard Bygdekvinnelag skjuler seg bak luke 12!

Hei her kommer ei helsing frå Åsskard Bygdekvinnelag.

 

Gruppa vart stifta under namnet «Åsskard Bondekvinnelag» på Settem ein kveld i 1951 og første leiaren var Kristine «Molle» Heggem.

Åsskard Bygdekvinnelag spelar ei aktiv rolle i samfunnslivet i heimbygda.
Vi har fast medlemsmøte klokka 19 kvar siste tysdag i månaden og møta har i alle år gått på rundgang i heimane.

Vi er ganske aktiv i lokalsamfunnet vårt med, blåturer, sommartur, ettermiddagskafé i grendahuset, aktiv deltaking på kyrkjedagar og bygdehelger og som sponsor til ymse tiltak blir Åsskard Bygdekvinnelag sett pris på av langt fleire enn dei som er medlemmer.

Vi gle oss over at det snart er jul og ser fram til å samle familie og venner i ein ellers travel kvardag.

Ønsker alle Bygdekvinner God jul og Godt nyttår!

Aldri hausttakkefest utan Åsskard Bygdekvinnelag til å pynte kirka vår, Åsskard Kyrkje

Frå venstre Ragnhild Skrøvset, Gunhild Bøklep Bøe, Johanne Holten, Kari Sæther, Torbjørg Settem, Randi Vetleseter Bøe og Inger Lise Heggem.