Hopp til hovedinnhold

Møre og Romsdal Bygdekvinnelag

Septembermøte i Kyrkjelydshuset

Septembermøte i Kyrkjelydshuset

Septembermøte i Gossen Bygdekvinnelag


Spente Bygdekvinner inviterte til opent medlemsmøte om nytt kulturhus og basseng på Gossen denne veka

Prosjektleiar orienterer

 I sentrum av øya vår er det for tida stor aktivitet i tomta til nytt kulturhus og basseng. 

 Å få besøk av prosjektleiar Jon Gunnar Gjelberg frå kommunen på septembermøtet
 i Gossen Bygdekvinnelag vart midt i blinken.

 Dette var spennande - ikkje minst då Jon Gunnar tok oss med på ein virtuell tur rundt i bygget.

 Flott inngangssone med kafékrok, bibliotek, storsal med amfi, dansesal, ungdomsrom med biljard, storkjøkken,
 undervisningsrom og ikkje minst eit stort basseng berre for å nemne noko!

 Praten rundt kaffibordet etter den virtuelle rundturen sat laust - tydeleg at folket i salen lot seg begeistre.

 Dette blir eit fantastisk fleirbrukshus som skal fyllast med liv og røre når bygget står ferdig våren 2022.

 Vi Bygdekvinner gler oss til å bidra i det nye kulturhuset!

Nytt kulturhus og basseng