Hopp til hovedinnhold

Oppland Bygdekvinnelag

Klemmer,nydelege små vesen!

Lysklemmere!

20.Desember og vi tek turen til Marianne på Toten!


Noko av det Marianne er mest kjend for er Klemmerane sine. Dei står der som nokre små søte vesen, strekkjer hendene i veret og vil...klemme deg !

 

 

På eit 40 årslag på Eina for snart 8 år sidan (det vil si at vi snart skal treffes på 50 årslag det!) møtte eg ei festleg dame. Lite sjølvhøgtidleg og med god humor fann vi tonen.

Det viste seg at dette var keramiker Marianne Lund. Kreativ som få. Rett og slett eit triveleg bekjentskap!

Marianne i djup konsentrasjon

Marianne har jobba som keramiker i 18 år. Utdanninga har ho frå Friundervisninga i Oslo og på Engelsholm kunsthøgskule i Danmark. 

No driv Marianne det tøffaste huset på Raufoss. Raufoss gård. Heile huset vitnar om at her driv det kreative folk. Det er 10-12 faste utstillere der ,seperatutstillingar og ope verkstad.  

Raufoss gård

Dei har ope hus heile året (onsdag-fredag 13-17 og laurdagar 11-15) Dette er noko dei hatt i 7,5 år !

Marianne likar å vise fram verkstaden sin, og korleis ting blir til. At folk skal få sjå kor mykje som ligg bak kvar enkelt ting. Det er mykje jobb bak kvart enkelt produkt som heng på veggar og står i hyller og skåp på Raufoss gård. Ho ynskjer og å vise fram alt de forskjellige kunstnerane har fått til gjennom møysommeleg arbeid. 

Frå eine rommet i huset

 

No har dei hatt ei fantastisk juleutstilling som nermar seg slutten, og Marianne kan ta juleferie med hovudet fullt av gode tankar om at mange får gode håndverksprodukt i julegåve.

 

Eg har trua på framtida for Raufoss gård, når slike som Marianne driv der. Ho brenn (bokstavleg talt) for det ho driv med der, og går all in.Elskar Raufoss gård seier ho, og eg trur ho. Det ser du på gløden ho har med det ho driv med. Eg har eit ynskje, og det er at eg ein gong i framtida får vera med å sjå på Raku brenninga hennar. Det ser så spanande ut for ein traust døl. Mens eg ventar skal eg kose meg med dei fine Marianne produkta eg har, og glede meg til neste møte med denne fargerike dama, i eit "Pippi Langstrømpe hus" på "vanlege " Raufoss.

 

Slike damer treng bygdenoreg!