Hopp til hovedinnhold

Oppland Bygdekvinnelag

Gardkjerringer på ferie!


Oddbjørg fortel om ein tur 2 kjerringer frå Lom fekk til Spåtind! I desse dagar er det 5 år sidan vi i Oppland Bygdekvinnelag hadde årsmøtet vårt der.


Oddbjørg har vore medlem i Lom Bonde/Bygdekvinnelag i 65 år i år, og har vore med på mykje opp igjennom. 

Eg fortalde Oddbjørg at vi i Bygdekvinnelaget sett stor pris på postkortet vi får kvart år ho ikkje er med oss på årsmøte.

Førre året var det Glittertind det var postkort frå, og Oddbjørg tykkjer det er noko positivt over Glittertind, Han er optimisten, tykjer Oddbjørg, der han stikk "hovudet" over snogen. 

Da Oddbjørg høyrte vi skulle til Spåtind for 5 år sidan, sende ho eit brev til Helle,redaktøren i Bydekvinner bladet vårt.

Helle skreiv da ei historie om to gardkjerringer som fekk tur til Spåtind . Same historia kom då eg var på besøk på Blakar før jul. Ho tykkjer det er mange trivelege minner frå desse 65 åra som medlem i laget.

Oddbjørg fortel meg at dei hadde ei periode på 70 talet der Bondekvinnelaga vart oppfordra til å lære gardkjerringane å ta fri. 

Dei som hadde mest arbeid heime og som hadde flest ungar  å ta seg tå, fekk eit teskott så dei kunne reise. Dei måtte reise før eller etter påska, for da trengde hotella gjestar, og prisen vart lågare.

Desse to som dei fekk overtala til å reise til Spåtind hadde med seg det finaste dei hadde av klede, og gjekk til middag med side kjolar. 

Der oppdaga dei at dei var nok noko umoderne, for dei hadde for side kjolar, så på rommet att etter middag tok dei fram nål og tråd og la dei opp! 

Ikkje råd lause den gongen! Og ikkje var det å kjøpe seg alt ein ville ha. Neste kveld var kjolane topp moderne og da kjerringane kom heim til Lom fortalde dei frå turen sin på fyrste møtet laget hadde. 

 

                             Innlegget til Helle Berger,Bygdekvinnelaget