Hopp til hovedinnhold

Oppland Bygdekvinnelag

Nyttår 21/22

Godt nyttår!


Så sitt ein her. 2022 datt rett i fanget på oss og vi må gjere det beste ut av blanke ark og fargestiftane vi fekk !

Det som er så bra med oss Bygdekvinner er at vi er gode på å omstille oss. Og egentleg er det kanskje den beste egenskapen vi har i denne tida vi er i. Om det ikkje let seg gjera og møtes innendørs, ja så går dykk på tur. Og om naboen treng handle hjelp, ja så fiksar dykk det og. Dette er noko av det eg sitt att med etter snart to år med koronaen på besøk. Ja for den er på besøk, eg velgjer og tru at ein dag, ein dag skal eg gje mange av dykk ein klem, eg skal reise på besøk til alle dei eldre i slekta, og vi skal arrangere fysiske møter. Ein dag. 

Men vi er ikkje rådlause. Og eg har møtt mange Bygdekvinner desse to åra som verkeleg har gjort ein jobb for samfunnet. Mange av dykk har vore med både på vaksinasjon og på teststasjon. Vi har på ein måte levd liva våre i ein dugnad i to år. Der vi alle har teke ekstra omsyn til dei rundt oss, og gjort det beste ut av det.

 

2022 er Frivilligheitas år. Dette skal markerast i Bygdekvinnelaget fleire stader gjennom heile året, men den store dagen er dagen før "vår" dag, 15.10. Her ynskjer vi at dykk, saman med fylkeslaget, finn på noko ekstra i år. Kva og korleis er litt opp kvart lag, men vi ynskjer aktivitet i heile distriktet!

 

Hausten 2021 har vore tøff på fleire enn ein måte, med ulykke i fjoset og både eigen sjukdom og i familien har tida til tider stått litt stille. Når Desember kom og alt skulle vera perfekt vart det for mykje, rett og slett. Kroppen min ville knapt på jobb og eg måtte fokusere for å halde meg oppe. Slik sett var korona tida god å ha når juledagane med fri kom og eg kunne sette meg heilt roleg i sofaen, utan at noko måtte skje. Mykje dårleg samvit, sjølvsagt, men alle overlevde utan at eg la ut på nett det eg hadde tenkt og planlagt gjennom Desember, og jammen overlevde eg jula utan både  avletter og ny vaska kjøken og. Er det ikkje rart?  Vi vil så mykje. Vi ynskjer,håpar og trur så altfor mykje. Og med sosiale medier trur vi og at alle andre har eit perfekt liv. Ein må, viss ein legg ut mykje slik som eg gjer, legge ut og noko frå dei vanlege dagane, for å få fram at vi alle er berre menneskje. At nokre gonger går det ikkje slik som vi vil, eller ynskjer. Livet heiter det!

No er motivasjon og gleda over at det går mot ljosare tider her, og eg håpar at i mars kan mange av oss møtes til årsmøte. Eg vel og vera positiv til at det let seg gjennomføre 5.-6. mars på Øyer, men er det noko vi har lært så er det og ha ein plan B klar! Men at det blir foredragshalderar, og gode diskusjonar, det blir det, uansett! 

Styret skal møtes no i januar og gå igjennom høyringssvara, og sende dei vidare til NBK. Vi skal finpusse på årsmøte planane og sjå på kva vi gjer med Lomshelga i April. Eg skal vera med på den den digitale Læringskonferansa  og få inspirasjon til korleis vi kan vera med og skape levande og bærekraftige lokalsamfunn.

 

Vi ER bygdene, og det skal vi vera stolte av, om vi er frå Gjøvikbygda eller Vågåbygda ;) 

Bruk dei blanke arka, og fargestiftane til og gjera noko bra for deg, og dei rundt deg!