Vår tur med Åbjør Bygdekvinnelag
Søndag 11. juni var det vårtur i Heimåsen for Åbjør Bygdekvinnelag
Dei lova smaker av ville vekster og ein fin tur, så eg reiste eg! Som Norsk tradisjonsmat kontakt i Oppland får eg besøkje mange av lokallaga, og det er ei sann glee!
Dei diska opp med fleire gode rettar, kaffe kokt på bål,triveleg prat og ein fin tur vart det og! Tallerken dykk ser på bileta har : Brenneslesupe , 2 skiver med spelt brød som inneheld bjørkesevje og løvetannblomst. Den eine har fått eggerøer med ryllik og graslauk på seg. Knekkebrød med brennesle,lefser med skogsyrepesto eller granskuddpesto,philadelfiaost og skinke og løvetann chips. Nydeleg tillaga alt sammen. Deira bidrag til tradisjonsmatjakta er Gorobrød,og den vil dykk snart finne på sida til norsk tradisjonsmat.