Hopp til hovedinnhold

Telemark Bygdekvinnelag

Årsmøte 2017
Det nye styret
Leiar og nestleiar blei gjenvalgt
Leiaren held si årsmøtetale
Ordførar Erik Skjærvagen ynskjer velkomen til Fyresdal
Irene Furulund med nytt frå Norges bygdekvinnelag
Årsmøtesalen
Blide damer i valgkomiteen

Årsmøte 2017


Telemark bygdekvinnelag sitt årsmøte blei halde i næringshagen i Fyresdal 1. april.

Telemark bygdekvinnelag sitt årsmøte er vel gjennomført. Fyresdal bygdekvinnelag var vertskap og møtet blei halde i den nye næringshagen i Fyresdal.

I underkant av 40 utsendingar frå 14 lokallag var samla. Vi starta dagen med ein kort og flott orgelkonsert i Moland kyrkje med organist Freddy Brander. Deretter ynskte ordførar Erik Skjervagen velkomen til Fyresdal og næringshagen.

Årsmøtesakene gjekk gjennom utan store endringar, valkomiteen hadde gjort ein god jobb og Ellen Margrethe Garn frå Fyresdal bygdekvinnelag held fram som leiar.

4 resolusjonar vart vedtekne, dei handla om: vern av matjord - antibiotikaresistens - redusert bruk av plast - post og avislevering på laurdagar

Kafe Teisner i næringshagen serverte lunsj av lokale råvarer, heilsteik røye frå Telemarkrøye og lasagne med lokalt elgkjøtt, lokallaget stilte med kaker til desert.

Etter maten fekk vi tid til ein liten luftetur til den nye "brua" på turvegen rundt Hamaren.