Hopp til hovedinnhold

Telemark Bygdekvinnelag

Organisasjonskurs i Bø


Tysdag 7. november arrangerte Telemark bygdekvinnelag organisasjonskurs for alle laga i fylket. Tillitsvalde i nye fylkeslag og lokallag i bygdeungdomslaget var og invitert.


Nesten 30 tillitsvalde møtte, det var vi fornøygde med.

Kurset var i Bø frivilligsentral frå kl. 17.00 til 21.00. Før vi starta opp fekk vi servert suppe og rundstykke.

Vi starta med Erik Dahl frå Bamble bondelag, han har lang erfaring og hadde mange godt tips og råd til korleis lede og drifte eit frivillig lag. Takk for eit engasjerande innlegg.

Etter ei kort kaffepause kunne ei velge mellom opplæring i sekretær og valgnemnd arbeid, eller kasserar og revisorarbeid. Våre eigne tillitsvalde stod for denne opplæringa.

 

Takk til styret for eit godt kurs, og til deltakerane for godt oppmøte.