Samrådingsmøte og Kvinnekonferanse
Kom til Bø 11. og 12. november ! Her blir der samrådingsmøte på fredag og Kvinnekonferanse på laurdag.
Samrådingsmøte / kvinnekonferanse fredag 11. og laurdag 12. november i Bø.
Lokale bygdekvinnelag blir med dette innkalla til samrådingsmøte fredag 11. november, Bø Hotell i Bø.
Samrådingsmøtet held fram laurdag 12. november med Kvinnekonferanse, denne er i Gullbring Kulturanlegg, rett ved Bø Hotell.
Samrådingsmøtet er ein viktig arena der de treffer andre bygdekvinner, blir betre kjent med kvarandre, bli inspirert og få innspel til lokallagsarbeidet.
Program:
Fredag 11. november frå kl 13: rundstykke / frukt / kaffi / te Fagprogrammet startar kl 14 og held på til ca kl 18. Middag og hyggeleg samvêr på kvelden.
Fredag ettermiddag blir deltakarane delt i tre grupper:
Kurs for nettsideansvarlege v/Helle Cecilie Berger, kommunikasjonsrådgjevar og redaktør, NBK
Kurs for kasserar/revisor v/Bergit Kleiv, revisor
Organisasjonskurs; aktuelle bygdekvinnelagssaker komande arbeidsår v/leiar i Norges Bygdekvinnelag, Ellen Krageberg
Fylkesstyret vil oppmode lokallaga om at de har ein representant på kvar gruppe!
PÅMELDING til fylkeslaget – gjeld dei som skal på samrådingsmøte og kvinnekonferansen: helst på e-post, telemark.nbk@bygdekvinnelaget.no eller til sekretær Eva Greivstad, tel / sms 99253905 innan 25. oktober. Meld frå kva for gruppe deltakarane blir med på. Hugs også å gje beskjed om overnatting. Pris – 900 kr pr. person i dobbeltrom, tillegg for enkeltrom 300 kr. Deltaking utan overnatting 600 kr (Prisane gjeld begge dagar.)
Vedlagt program for Kvinnekonferansen