Hopp til hovedinnhold

Dortheas julekort: Slaktetid

Video: Dorthea Kvåle i Orkland Bygdekvinnelag i Trøndelag deler minner fra barndommens adventstid - som slaktetida.

[Nederst i artikkelen kan du finne slakteoppskrifter fra vår nettside norsktradisjonsmat.no.]

Dorthea Kvåle deler minner fra slaktetida:

Illustrasjonsfoto: Dagbladet/Norsk folkemuseum.

 

Mange forberedelser til jula

Da eg voks opp var adventstida arbeidssam og krevande heilt fram til julekvelden. Det var slakting, baking, brygging av øl, vasking, hogging av lagleg ved til takkebakst og oppvarming. Sying og strikking av klær var vanleg. Desse arbeidsoppgavene kom i tillegg til dei daglege gjøremåla. Til flatbrødbaking kom det bakstekjerringer og til rundvasken var det også leid hjelp. Mange i nærmiljøet hadde behov for arbeid.

 

 

Slakting i vaksande måne

Slakting burde gjerast i vaksande måne for da trudde vi at maten vart drygare, at flesket ikkje krympa i steikepanna. Slakting skulle gjerast så nære jul som mogleg. Slaktaren var ein spennende kar for oss ungane og vi fekk klar melding om å halde oss vekk, men vi sneik oss til å sjå på.

 

Vi lærte fort om liv og død

Det vart slakta gris, storfe og sau og vi fekk blodmat, stor gryte full av kjøttkaker og vi fekk kjøttkake på gaffel som smakte. Dei laga pålegg, kokpølse, spekepølse, stekeflesk, ribbe og koteletter.

Oppbevaring var hermetisering, saltlake, tørrsalting og lagring under fettlokk. Dette var før fellesfryseriene kom.

Alt på dyret vart bruka.

Tarmer vart rensa til pølser og blodmat, fettet smelta til smult og såpe, beina til kraftkoking og huda vart solgt til oppkjøpere.

Slaktinga hadde en sentral rolle på gårdene før i tida. Her kan du lese mer om tradisjonene.