Dyrk sjølv
Å dyrke sjølv gjer deg meir sjølvberga, samstundes som du får ferske råvarer heilt inn på kjøkkenbenken. For å gjere det lettare å komme i gang med å dyrke sjølv er det fint å gjere det saman, og ikkje minst få nokre gode råd om kva matvekstar som er fint for nybyrjarar.
Innhold
Økologisk Norge har laga eit dyrkingsleksikon. Her finn du alt om gjødsel og gjødselskjema, skadegjørere og dyrkeleksikon for dei 34 mest vanlige vekstane i skulehagen.
Les dyrkingsleksikonet, for å få gode råd om korleis lukkast med dyrking!
Sjølvberging og beredskap
Når ein dyrkar sjølv får vi ei større forståing for kva arbeid som ligg bak maten og eit nærmare forhold til naturen.
Samarbeid for å få til best mogeleg aktivitetar
Ha gjerne aktivitetar saman med andre lag og organisasjonar. Hageselskapet har mange lokale hagelag rundt om kring i heile landet, og kan vere fine samarbeidspartnarar for å gjennomføre Nøysom-aktivitetar.
Kva kan du og ditt lokallag gjere for å auke den praktiske kunnskapen:
- Dyrk grønsaker, frukt og bær saman. Byrje med noko som kan vere lett å få til for alle, og sjekk kva som passar for dykkar klimasone.
- For at barn og/eller unge skal kunne nyte godt av grønsakene kan ein be dei ta med seg store potter som dei kan ta med heim.