Hopp til hovedinnhold

Høghastigheitsbreiband til alle

Til hausten er det Stortingsvalg. I dag er det mange stader utan godt nok breiband. Norges Bygdekvinnelag meiner det hastar å gje alle tilgang på breiband med høg fart.

- Høyhastigheitsbreiband er infrastruktur som må prioriterast. Den digitale utviklinga gjev oss moglegheiter for entreprenørskap og verdiskaping over heile landet. Offentlege myndigheiter legg opp til at kommunikasjon skal skje digitalt. Då kan vi ikkje tillate digitale forskjellar, seier Jorun Henriksen, leiar i Norges Bygdekvinnelag 

Arbeidsplassar 
Koronapandemien har synt oss at det er mogeleg å bu og jobbe på ulike stader. Om ein har tilgang til eit stabilt nett med høg fart kan ein få fleire til å etablere seg i distrikta og skape eigne arbeidsplassar.

- Distrikts- og digitaliseringspolitikken heng saman. God infrastruktur med stabilt og godt nettverk er avgjerande for tilflytting og næringsutvikling, seier Henriksen. 

Bygdekvinnelaget støtter IKT-Norge i deira krav, og meiner regjeringa må ha høgare ambisjonar enn Solberg-regjeringa legg opp til: 

  • Målet må vere å gje minimum 95 prosent av alle husstandar, verksemder og offentlege kontor tilgang til breiband med ein fart på minimum 1000 Mbit/s i løpet av 2025. Målet for resten av landet bør vere minimum 100 Mbit/s i løpet av 2025.
  • Regjeringa må òg setje av minst ein milliard i året dei neste fire åra, for å halde tempoet på utbygginga oppe, og gje alle godt breiband.

Vil du vite meir om Bygdekvinnelaget si sak om breiband?
Norges Bygdekvinnelag har nyleg sendt ut ei valpakke til alle lokallag og distriktslag med dei fire saker Bygdekvinnelag skal setje søkelyset på fram mot Stortingsvalet i 2021. Ei av sakene er at alle må få tilgang til breiband med høg fart.

 I valkamppakka finn du bakgrunnsstoff, fakta og tips til korleis du og ditt lokallag kan engasjere dykk for å sette breiband til alle på agendaen.

Sjekk ut valpakka her! Klipp og lim det du vil bruke om høghastigheitsbreiband! 

Kva kan du gjere?
Mange stader har eit godt samarbeid mellom lokalt næringsliv, kommunen, fylkeskommunen og lokalbefolkninga gjeve gode resultat i møte med utbyggarar. Gå sammen lokalt for å vere med å finne dei beste løysingane for betre digital infrastruktur i kommunen og sikre at alle i kommunen får høghastigheitsbreiband.

Bygdekvinnelaget engasjerer seg for bygda
Norges Bygdekvinnelag er en partipolitsk nøytral organisasjon. Vi er engasjert i saker som er bra for gode liv i levande bygder. Sakene Norges Bygdekvinnelaget set søkelys på fram mot Stortingsvalet hausten 2021 er knytt til organisasjonen sin politiske plattform som vart vedteke på landsmøtet i 2020. 

Norges Bygdekvinnelag sitt styre har valt ut fire saker vi vil løfte fram mot Stortingsvalet 2021:

  • Jordvern
  • Skulemat
  • Frivilligheita sin betyding
  • Høghastighetsbreiband til alle

I Norges Bygdekvinnelag sin politiske plattform står det: "Norges Bygdekvinnelag mener at alle skal ha likeverdig tilgang til gode offentlige tjenester uavhengig av hvor de bor. Dette er viktig for trygghet, trivsel og bolyst. Vi må satse på framtidsrettede samferdselsløsninger og bygge ut digital infrastruktur i hele landet#.