"Nøysom-kurs" i Buskerud
Buskerud bygdekvinnelag er med når Norges Bygdekvinnelag invitere lokallag og distriktslag med på det nye prosjekt Nøysom. Med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB skal vi gjennom 2024 og 2025 invitere til praktiske kurs og møteplassar i heile fylket!
Med prosjektet Nøysom vil lokale bygdekvinnelag å skape møteplassar for barn, unge og vaksne der dei får praktisk kunnskap som gjer det lettare å ta miljøvenlege og berekraftige val i kvardagen.
Buskerud bygdekvinnelag arrangere kurs i:
- Dyrk sjølv i fjellhage og hyttehage. 1. juli kl. 10.00-15.00
- Budeiekurs 5.- 6. August 2024, oppmøte kl. 14.00
- Frå ull til garn. Laurdag 14. september kl. 10.00-16.00
- Dyrk sjølv, beredskapshage, måndag 16. september kl. 16.00-20.00
- Fermentering og sylting av grønnsaker. 19. september kl. 18.00-21.00
- Lag din egen såpe. Februar 2025
- Redesign, omsøm, stopping, lapping, bytte glidelås. Februar 2025
For meir informasjon, se vedlegg under eller arrangementer (til høyre) på Buskerud bygdekvinnelag si nettside: Buskerud Bygdekvinnelag | Bygdekvinnelaget.
Bakgrunn for prosjekt Nøysom Vi må ha ei større samfunnsendring for å få ned forbruket. Norges Bygdekvinnelag vil inspirere til endring og bidra til at vi kan nå FN sitt berekraftsmål 12, som skal sikre berekraftig forbruk og produksjonsmønstre.
Med prosjektet Nøysom vil vi ta med oss kunnskapen våre formødre hadde kring sjølvberging og det å nytte ressursane best mogeleg. Ikkje berre med mat, men også i andre delar av hushaldninga. Kunnskap om råvarer, produksjon, materialer aukar medvitet på verdien av det vi har, og vil inspirere til gjenbruk og mindre konsum.
Mange vil bidra til mindre forbruk, reparere sjølv og minske matsvinnet, men treng eit lite dytt for å komme i gang. Norges Bygdekvinnelag ønskjer å møte interessa for kunnskap som kan bidra til ein meir berekraftig kvardag, og vise at praktiske kurs gjev gode opplevingar, meistring og fellesskap i lokalsamfunnet.
Du kan lese meir om Nøysom her: Om Nøysom | Bygdekvinnelaget