Bygdekvinnestreif på Fykse
Laurdag 20.april hadde Hordaland Bygdekvinnelag Streif på Fykse gard i Kvam. Øystese bygdekvinnelag var lokal arrangør. Det var omlag 60 kvinner som møtte fram i det strålande veret.
Rett før Fyksesundbrua svinga me av, og køyrde oppover svingane til grenda Fykse. For mange av oss var det overraskande å sjå kor mange som bur her oppe. Fykse gard ligg i eit klyngetun. Her driv Arne Fykse og familien med gardsrestaurant, kjøtbearbeiding, fruktdyrking og ein del anna.
Møtet starta med at han ynskte oss velkomne, fortalde litt om garden og spelte ein slått på Hardingfela. Det var og velkomsthelsing frå Øystese Bygdekvinnelag.
Prosjekt Nøysom
Åsa Gunnarsdottir og Liv Kolskår hadde innleiing om dei fire ulike tema for prosjektet.
Bygdekvinnelaga kan søkja Norges Bygdekvinnelag om støtte til kurs innanfor:
- Matsvinn
- Dyrk sjølv
- Miljøvenleg og kjemikaliefri heim
- Kva er det lurt å kunna laga og reparera sjølv
Etter innleiingane var det klart for gruppearbeid. Det var engasjerte og ivrige diskusjonar og det kom mange gode framlegg til aktivitetar. Liv sender redigert versjon av gruppearbeida ut til medlemmene på e-post. me håpar dette kan vera til inspirasjon for lokallaga.
Middag og vandring
Etter gruppearbeidet var det middag i ei gamal, koseleg stova i tunet.
Arne Fykse fortalde meir om garden og området og me la i veg nedover bakkane til Døsshola. Her vart det meir felespel og historie då me hadde kome oss inn. etter å ha forsert eit noko ulendt terreng.
Loddtrekninga tok me til slutt, etter ei orientering om Hordaland bygdekvinnelag frå leiaren Liv Kolskår. Det vart gode inntekter til distriktslaget.
Takk til alle som gav gevinstar og takk til alle som kom.