Ein strålande dag på Osterøy
Osterøy Bygdekvinnelag inviterte til streif i Bruvik laurdag 5.april
Gerd Karin Njåstad, leiar i Osterøy bygdekvinnelag, ynskte oss velkomne til Osterøy, og ordførar Lars Fjeldstad helsa frå kommunen. Me fekk servert kaffi og Stompakaker, lokal takkebakst.
Ei gruppe høyrde Astrid Antun fortelja om arbeidet sitt med redesign, og fekk sjå eksempel på det ho lagar. Ho brukar mellom anna gamle dukar til å laga nye plagg.
Den andre gruppa gjekk til Klyvikje og fekk sjå og høyra om denne spesielle garden.
Liv Kolskår refererte frå gruppearbeidet og evalueringane frå årsmøtet ,og det vart tid til informasjon frå laga som var til stades.
Det var mange frå bygdekvinnelaget som var i sving for å få til arrangementet Me fekk servert både betasuppe og kaker, som dei hadde laga, før me avslutta med loddtrekning.
Neste streif blir på Vossestrand.