Møte i distriktsstyret
Torsdag den 12. april hadde det nye styret møte i Odda
Fyrste sak var konstituering. Liv Kolskår og Maries Curtes vart valde som leiar og nestleiar på årsmøtet. Helga Fossheim held fram som kasserar, Liv Solfrid Lono vert skrivar og Inger Karin Dyrnesli nettsideansvarleg.
På saklista stod mellom anna evaluering av distriktsårsmøtet, førebuing til Streif på Fykse og planlegging av arbeid og aktivitetar framover.
Evalueringane frå årsmøtet syner at dei aller fleste var godt nøgde med gjennomføringa av møtet.
Liv Kolskår deltok på årsmøtet i Hordaland Bondelag denne månaden og er no vår representant i styret der.
Som de ser av biletet var det god stemning på møtet.