Nytt bygdekvinnelag i Vikøy
Vikøy bygdekvinnelag har starta opp att etter å ha vore nedlagt nokre år. Åsa Gunnarsdottir og Liv Kolskår tok turen til Vikøy for å besøka det nye laget.
Ein gruppe yngre kvinner har starta opp att laget. Dei er 9 medlemar no, 6 ungdomsmedlemmer og 3 ordinære. Dei håpar at etter kvart som det vert kjent vert dei fleire.6 ungdomsmedlemar og 3 ordinære.
I fyrste omgang ynskjer dei å laga sosiale møteplassar:
- Tur der du bur
- Badetreff
- Kafe og arrangement i samband med den.
- Ha det moro saman
- Kreativitet, felleskap, nøysemd
Dei har møta sine hjå kvarandre.
Vikøy prestegard er eit gamalt tun, der bur det folk fast, bl.a leiaren i laget Silje Ensby
Der bur ho saman med mann og barn. I tunet er det ei gamal røykstova frå 1815.
Tidemann har brukt den som modell i Haugianarane blant anna.
Det er også eit eldhus der laget håpar at dei skal kunna ha kurs i tradisjonsbakst. Med ovn
til å steikje brød i og ein kan steikja flatbrød på takke med vedfyring.
Distriktsstyret ynskjer det nye laget velkomen. Lukke til med arbeidet!