Lage og reparere sjølv
Å ta vare på, reparere og gjenbruke ting og kle kan bidra til eit meir berekraftig samfunn. Vi meiner at praktisk kunnskap der du sjølv lærer deg både å lage og reparere tinga dine sjølv gjev både meistring og auka forståing for bruk av naturressursane våre.
Innhold
Dagens bruk og kast samfunn er ikkje berekraftig og har negative konsekvenser både for klima og miljø. I Nøysom vil vi finne inspirasjons frå våre formødre som nytta ressursane best mogeleg, tok vare på tinga sine og reparerte. Auka kunnskap om råvarer, dyrking, produksjon og materiale kan auke medvitet på verdien av det vi har og inspirere til gjenbruk og mindre konsum.
Kva kan du og ditt lokallag gjere for å auke den praktiske kunnskapen:
- Synleg reparering
- Stoppe sokkar, strikke og kjenne på ulike materialer
- Snekkarkurs for nybyrjarar
- Sy gåveposar av gamle gardiner
- Redesign
- Pusse sko og ta vare på tinga sine
- Snekre dyrkekasser
- Spikke smørkniv