Hopp til hovedinnhold
Nøysom logo med saks

Nøysom logo med saks

Logo og materiell

Når vi tek i bruk Nøysom-logo, brukar emneknaggen #nøysom og taggar oss sjølve kan vi vise oss fram, dele kunnskap og inspirere andre til å leve meir nøysame liv. 

Gjer det synleg at dykkar aktivitetar er ein del av prosjektet Nøysom, og del tips, kunnskap og gleda de har i prosjektet slik at de kan inspirere og gjere det lettare for alle å ta berekraftige val i kvardagen.

Du finn vedlegg med logo og materiell lenger nede!

Bruk emneknaggen #nøysom i sosiale media. Bruk også #norgesbygdekvinnelag og andre emneknaggar som passar til dei ulike tema.

Vis fram dykk sjølv som Bygdekvinnelag, Norges Bygdekvinnelag og Sparebankstiftelsen DNB. Dette kan du gjere ved å tagge dei når de legg ut bilete og omtale av aktivitetar i sosiale media. Om de har samarbeidspartnarar eller får økonomisk støtte frå andre er det fint å tagge dei også.
@sparebankstiftelsenDNB @norgesbygdekvinnelag

Nøysom logo
Vi har laga tre Nøysom-logoar til prosjektet. De kan velje sjølv kva logo de vil bruke, og de kan ta i bruk den logoen som passar best til temaet. Nøysom sin logo passar ypperleg saman med bygdekvinnelaga sin logo. 

Postar til sosiale media
Det er laga fleire ulike bilete til sosiale media. Ein post til kvart tema, i tillegg til eit par generelle bilete med dei ulike illustrasjonane. Desse er fine å bruke for å setje søkelys på eit tema med ein tekst, eit nøysom-tips eller som bilete til ein invitasjon. 

Plakatar
Det ligg også plakatar ved. Plakatane er i A3, som er litt større enn A4 format. Desse kan skrivast ut og hengast opp på oppslagstavler. Her er tanken at ein skal kunne skrive på eigen tekst med tusj. 

Illustrasjonar
VI har også enkle teikningar som kan vere med å illustrere dei ulike tema. Desse kan brukast til å lage eigne plakatar eller anna materiell. 

*Om du og ditt lag har ønskjer til logo og materiell kan de ta kontakt og fortelje om forslaget. Om du har eit ønskje er det gjerne andre som har det samme. Vi har ein liten pott att, så kanskje vi kan få til noko fint saman. Ta kontakt med prosjektleiar Astrid Seime. 

 

 

 

Nøysom logo saks Nøysom logo sitron Nøysom logo synål og tråd Post til sosiale media: Ta vare på kleda dine Post til sosiale media: Naturleg såpe og reingjering Post til sosiale media: Dyrk mat i egen hage og balkong Post til sosiale media: Tips til mindre matsvinn Post til sosiale media Post til sosiale media: Generelt liggande eventbilde Plakat: Dyrk mat i hagen, til utskrift, invitasjon osv. Plakat: Lær å ta vare på maten, til utskrift, invitasjon osv. Plakat: Såpe og naturleg reingjering, til utskrift, invitasjon osv. Plakat: Dyrk mat i hagen, til utskrift, invitasjon osv. Teikning: Hammar og spikar Teikning: Gulrot Teikning: Saks Teikning: Såpe Teikning: Strikketøy Teikning: Spade til hagearbeid Teikning: Sitron