Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Laurdagskafé

Laurdagskafé, loppis og Røaelva Band

Apr
06
Sat

Laurdagskafé og loppis på Gossen

Aukra kulturhus
-
NB! Søndag er loppisen open frå kl. 13.00 - kl. 15.00

Laurdagskafé med loppis og underhaldning i Aukra kulturhus

Vårens store festdagar nærmar seg, og på nytt inviterer Gossen Bygdekvinnelag til laurdagskafé og loppis med bunader, festkjolar, dressar og anna tilbehør

Her kan du kanskje finne fint brukte festplagg til deg sjøl eller andre i familien din for ein rimelegare penge - eller du kan la andre få gleda av å bere eit plagg du sjøl ikkje lenger brukar eller eit plagg barna dine har vakse ut av. 

RØAELVA BAND opptrer også på Soltun scene denne laurdagen
Med andre ord - her ligg det an til ei triveleg stund der du kan ta turen innom loppisen, kose deg med fin sang og musikk og nyte ein kaffi og Bygdekvinnene sine gode kaker, lunsjvaflar eller anna påsmurd mat i kaféen. 

Kl. 12.00: RØAELVA BAND på Soltun scene
Kl. 13.00: RØAELVA BAND på Soltun scene

Bygdekvinnene ønsker alle hjarteleg velkomne til loppis og kafé, så ta turen til kulturhuset på laurdag 🌸🌱🌼

Seksjoner

Kontaktperson: Linn Anette Blomvågnes - mobil 975 81 877
Innlevering av klede til loppisen: 
Fredag 5. april kl. 17 - 20, Aukra kulturhus

Opningstider:
Laurdag 6. april, kl. 11.00 - 15.00
Søndag 7. april, kl. 13 - 15
NB! Klede som ikkje er selde må hentast innan kl. 15.00 søndag

Utstillarar vippsar ei lita avgift til Gossen Bygdekvinnelag ved innlevering av klesplagga.

Gjenbruk er bærekraftig og i vinden som aldri før, så håper mange vil bidra til ein flott loppis!