1 kveldsturen til Grettestølen
Tysdag 17 august hadde me 1 haustturen til Grettestølen. Me var 10 stk med og turleiarar var Helga Synnøve Klette og Ove Sævig.
Me køyrde til Tverberg, og gjekk på traktorveg derfrå.
På stølen var Hilde Lussand Selheim og tok imot oss.
Fekk smaka god stølsmat, heimelag flatbrød og pannekaker som var laga av saup. Serverte og Smør og Rømme frå arets stølsdrift.
Etterpå fekk me omvisning på stølen og området rundt der. Tverbergskaret med flott utsikt over Vossabygda.
Det var ein flott tur i nydelig vær.