Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Foredragshaldar Ingrid Tennebekk Bjørke   Foto: Liv Spilde

Foredragshaldar Ingrid Tennebekk Bjørke Foto: Liv Spilde

Foto: Ingrid Tennebekk Bjørke
mange kjekke damer rundt matbordet   Foto: Aud-Marit Netteland
Nydeleg mat   Foto: Aud-Marit Netteland
Loddsal    Foto: Aud-Marit Netteland
God stemning rundt bordet   Foto: Aud-Marit Netteland

Januarmøte med tema: Sentral-Asia


Ingrid tok oss med på ei spanande reise gjennom Sentral-Asia

Me fekk ein veldig kjekk og lærerik kveld på januarmøtet vårt. Ingrid Tennebekk Bjørke tok oss med på ei spanande reise gjennom Sentral-Asia.Der ho har vitja fem ulike Stan-statar, og kalla Sovjetistan, då desse landa tidlegare høyrde til Sovjetunionen. Dette er ei reise utanom den vanlege turistløypa. Me vart fasinert av det ho fortalde, og spørsmåla var mange. Fleire av stadane hadde me ikkje høyrt om ein gong. Ved hjelp av dei flotte bileta og den gode forteljarkunsten til Ingrid, veit me no litt meir om denne kanten av verda. Etterpå kosa me oss med nydeleg mat som Randi F. Opheim og Liv Sekse hadde laga til oss. Trur ingen gjekk svolte heim, sjølv om me var rekordmange rundt bordet denne kvelden. Fleire nye fjes å sjå, og ein ny medlem vart det denne kvelden. Det er alltid stor stas ! Mange lodd vart seld, og mange heldige vinnare vart det og. Me delte ut årsplanen for 2018 med mange ulike aktivitetar, så her er det berre å hengje seg på for dei som ynskjer !!