Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Brita synar korleis laga blodpannekaker

Brita synar korleis laga blodpannekake

røra inn mjøl litt om litt

røra inn mjøl litt om litt

Steikjing av blodpannekake

Steikjing av blodpannekake

Nydlege smørbrød

Nydlege smørbrød

loddtrekning. Alltid lika spennande.

Loddtrekning er alltid lika spennande

Januarmøte med tradisjonsmat


Januarmøte med tradisjonsmat på menyen

Første lagsmøtet i 2019 byrja me med eit kurs i forkant av møtet. Brita Knapstad syna korleis me lagar blodpannekaker. Ein kunnskap som var vanleg før rundt på gardane, men som det no er færre som kan. Det kan og vera ein utfordring å få tak i blod. Brita har fårr grisablod frå eit lokalt grisalag, som slaktar heime. To av sønane hennar er med i dette laget, så no får ho rikeleg med blod som ho har i frysen. Blodpannekakene er populære hjå både store og små. Brita fortel at oldebarna hennar likar det svært godt. Kunsten med å laga blodpannekaker er å ha nok krydder i røra og røra må ikkje vere for tjukk. Brita brukar både kanel, ingefær og allehånde. Brita fortel vidare at det er lurt å ha i egg. Då er det lettare å få kakene til å hengje hop og få dei snudd på steikjehella. Det gjer seg og med litt surmjølk/kefir i røra sidan det og er natron i, dette gjer og pannekakene mjuke. Når ein steikjer pannekakene er det lurt med ein lang steikjespade og smørja steikjehella med smør før ein byrjar og steikja, og mellom kvar runde med steikjing. Me som var så heldig å vera med på kurset kan skriva under på at blodpannekakene smaka nydeleg, og ekstra gode var dei med smør og sirup på. Etter kuset var det lagsmøtet. Me byrja møtet med å syngja "Song for Bygdekvinner og alle andre", så gjekk me gjennom årsplanen for laget og informerte undervegs. Me har mykje kjekt å sjå fram til dette året og. Mange kjekke aktivitetar, tema, kurs og seminar. Nytt i år er at me skal samarbeida med Voss Bygdekvinnelag om felles møte i mars der bygg er tema. Dette ser me fram til.  Randi Flatabø Opheim og Berit Rongve Græe hadde laga til nydeleg pausemat, smørbrød, påsmurde horn og kake. I tillegg fekk alle smaka blodpannekake. Ei fin stund med mykje drøs rundt bordet over ein kopp kaffi/te og god mat på fatet. Møtet vart avslutta med Venskapsvisa og ynskje om vel heim til alle.