Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Synnøve Bjørgum

tre generasjonar av familien Bjørgum

tre generasjonar av familien Bjørgum

mange rundt bordet denne kvelden

loddsal med mange fine premiar

premie til heldig vinnar

Norge på langs - ei eventyrleg ferd fortald av Synnøve Bjørgum


Livet byrjar der komfortsona sluttar

Synnøve Bjørgum tok oss med på ei eventyrleg reise frå Nordkapp til Lindesnes, der ho fortalde levande og syna bilete frå ein tur med mange sterke opplevingar. Turen gjekk ho etappevis med vener og famile. Far til Synnøve, Stig Ove Bjørgum, var med på to etappar. Den første over Finmarksvidda på silkeføre og i nydeleg ver. Då var det berre ei fryd i fylgje Synnøve å gå på ski med oppakning på pulk. Men silkeføre var det ikkje heile vegen. Etter kvart kom både dårleg ver og skiføre. Skia måtte ein pakka vekk og gå turen vidare til fotts. Med 30 kilo på ryggen i ulent terreng kjende ein til tider at det var utfordrande, men det vegde opp med alle dei flotte naturopplevingane og ikkje minst alle dei gjestfrie folka ho møtte på turen. Mange av opplevingane delte ho med Ingrid Fredriksen, som og gjekk Norge på langs. Ein annar god turkamerat var grønlandshunden. Den bar ein del av oppakkinga, og var ekstra god å ha på eine etappen Synnøve gjekk åleina. Turen, Norge på langs, måtte ho ta i to omgongar grunna krevjande ver og føre. Siste etappe av turen var på sykkel fram til Lindesnes i nydeleg somarver. Den gjennomførte Synnøve saman med far sin. Gleda var stor, då dei sykla over "målstreken" og var framme på Lindesnes. Synnøve fortel at før ho bestemte seg for å gå Norge på langs hadde ho eit hektisk liv med studie til barnehagelærar og ulike verv, blant annar i politikken. Etter kvart vart livet så travelt at ho ikkje fekk tid til å gå tur. Det vart eit stort sakn. Tidlegare hadde ho eit aktiv liv med hest og turar i fjellet, ofte på hesteryggen. Ho kjende på ein uro, at ho måtte ut, reisa og oppleva. Etter denne turen var uro vekke. No var ho klar til å etablera seg både i jobb og heim. Ho oppfordra alle til å fylgja draumen sin, om det er å gå Norge på langs eller ein hobby ein vil ta til med. For som ho avslutta føredraget med: Det er utanfor komfortsona livet tar til !  Me fekk eit rekordstort oppmøte denne kvelden. Det var tydeleg at mange ville høyra om turen til Synnøve. To medlemar fekk me og, noko me set stor pris på. Matnemnda: Jorunn Arntsen, Kari Tesdal, Anita Sele Eikefjord og  Helene Berge Flatekvål serverte nydeleg suppe med rundstykker til, kaffi og heimelaga kaker. Ein stor takk til dei. Litt lagssaker fekk me og tid til før loddtrekning med mange fine premiar. Me avslutta møtet og ynskte alle vel heim med songen -  Min tanke er fri.