Oppstart av hausthalvåret
Første møte etter sommaren, tidlegare enn vanleg, men med ein travel haust i vente er det greit å koma i gang med førebuing og samarbeid. 13 bygdekvinner tok turen til Solheim denne fine seinsommarkvelden 24.august.
Randi F.O. ynskte velkomen og me byrja møte med allsang. Randi hadde tørka støv av songheftet vårt og funne fram haustvisa, fin song som var ny for fleire og difor kjekk å dela med alle frammøtte. Vidare tok me for oss plan for hausten. Samtalen gjekk livleg rundt langbordet og mange gode innspel vart fremja. Lappar vart leita fram frå frysen, varma i steikjeomnen, og smaka nett som nysteikte. Me avslutta møtet med åresal og allsong. Fine gevinstar vart jamnt delt ut og mange reiste nøgd heim med lyng, syltetøy, plommer, kaffi og squash i veska.
Takk for eit triveleg møte med god stemning og mykje lått og løye - kjekt å møtast att og me ser fram til fleire gode opplevingar i haust gjennom dugnad, aktivitet og felles møteplassar.
PS: siste kveldstur er 1.september & neste lagsmøte er 15.september. Meir informasjon kjem.