Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Slakting av gris.

3 av ungdommane i 4H under slaktinga.

Blodpannekaker på gang.

Tradisjonsmatskulen


Tradisjonsmatskulen.  1 samling 17.10.2020. 


Nokre 4H ungdommer er med i prosjektet om å lære korleis maten blir til. " Frå jord til bord."

Tradisjonsmatskulen Bærekraftig Matkunnskap.

Bjørgum Bygdekvinnelag skal samarbeide med Lystig 4H i prosjektet Tradisjonsmatskulen -  Bærekraftig matkunnskap.

Det er 4 samlingar som skal gjennomførast og ungdommane som er med skal læra korleis maten me et, vert til frå «jord til bord»

På grunn av korona pandemien  har det vorte litt forandring undervegs. På fyrste samling skulle me hatt baking av Brimlefsa, som er ein lokal tradisjon her på Voss. På grunn av smittevernsreglar måtte me vera ute og då vart planen endra til slakting av gris.

Her i grenda Bjørgum er det nokre karar som har utegris om sommaren og dei kallar seg Grisegutane. Grisane vert slakta i oktober. Då fekk bygdekvinnelaget og 4 H vera med på slaktinga. Der fekk dei sjå korleis ein tek livet av grisen og korleis ein utnyttar heile dyret.

Alle 4H àrane fekk med seg litt blod heim att slik at dei kunne laga blodpannekaker. Oppskrifta står i oppskriftheftet som Bjørgum Bygdekvinnelag har laga.