Velkommen til Eksingedalen Bygdekvinnelag
Laget vårt vil arbeida med saker til det beste for bygda vår. Me ynskjer oss aktivitet og gode sosiale fellesskap. Me skal ha det kjekt saman, og me skal både læra oss nye ting og ta vare på viktige tradisjonar.
Lokallaget vårt er ein del av Norges Bygdekvinnelag, som er ein frivillig organisasjon med lokale lag i heile landet. Bygdekvinnelaga står for eit ope og inkluderande fellesskap, og lokallaget skal vera ein møteplass for kvinnene i bygda.
Me har aktivitetar ut i frå kva våre medlemmar ønskjer. Me er eit nytt lag, med oppstart 24.februar 2026. Du er velkommen til å finna ut om Bygdekvinnelaget passar for deg.
Kanskje vil du vera med på det neste møtet vårt?
Ynskjer du å komma i kontakt med oss,
ver venleg å kontakta:
Leiar: Liv Anne Bergo
Tlf. 97653458
E-post: l-abergo@online.no
********************************************************
Styret i Eksingedalen Kvinne- og familielag er:
Leiar: Liv Anne Bergo
Skrivar: Britt Eide
Kasserar: Aud Marit Brønstad Bergo
Styremedlem: Solfrid Urke Nese