Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Åkrafjorden ein varm og nydelig dag i mai.

Fjordcruise med MS Stein Viking

Eikemo Gard

Traktor og kjerre som tok 28 passasjerer, drog oss opp til garden Eikemo

Etterpå tur til Langfoss

Heilt inntil fossen.

Eljervik Gard.

Her fekk me buffet av lokal mat, veldig godt

Eikemo. Her fekk me spekemat og flatbrød. Lefse kaffi og saft

LillAnn Drønen, Ingrid Kristine Træet, Elin Korneliussen og Ellen Rydland

Tur med Fitjar Bygdekvinnelag til Åkrafjorden 27 mai 2018.

Fitjar Bygdekvinnelag arrangerte i år tur til Åkrafjorden. Me stoppa på Åkrafjordtunet, og gjekk ned til kaien og ombord i MS Stein Viking, som tok oss over fjorden til den veglause nordsida av fjorden og til garden Eikemo                Der ingen skulle tru att nokon kunne bu. Ein fantastisk tur med traktorsafari opp til garden Eikemo, Me kom oss vel opp og der fekk me høyra historien om garden av bonden sjølv Geir Arne.  Når me kom opp var det heilt flatt , fint og frodigt. Me fekk servert spekemat og flatbrød,lefser ,kaffi og saft ute på tunet, det smakte godt. Me fekk og anledning til å sjå inne i husene,i dei gamle stovene.Traktoren tok oss ned til sjøen igjen, no skulle me på Fjordcruise med MS Steinar Viking der me og hadde guide med oss, me fekk høra mange gode historier. Turen gjekk vidare til Bjørkestrond og Langfoss,den var eit vakkert syn i den nydelige sommerdagen me hadde, me var heilt inntil fossen der me fekk smaka på vatnet , som sjølvsagt var helsebringane. Vidare  gjekk turen til Eljarvik Gard, der ein velsmakande buffet venta på oss,med mykje god lokal mat. Ei fantastisk oppleving.