Hamaren aktivitetpark
Fredag 5. mai var vi i Bygdekvinnelaget med på åpning av Hamaren aktivitetspark.
Ein fantastisk dag og kveld i Hamaren, nydeleg vêr, mykje folk og flott program.
Bygdekvinnelaget saman med Hayad frå Oss kvinner imellom servera mat i utekjøkkenet. Hayad hadde laga over 150 Samosas og Bitte, Berit og Gunn hadde koka saftsuppe. Med over 400 folk i Hamaren denne kvelden gjekk vi diverre tome for mat før alle hadde fått smaka, men ingen sure miner av den grunn.
Vi fyra på ovnen i utekjøkkenet og Hayad steikte Samosa der.
Kvelden avslutta vi alle saman på toppen av Hamaren med ein flott konsert med lokale artistar.