Hopp til hovedinnhold

Fyresdal Bygdekvinnelag

Sommarhelsing


Hei bygdekvinner, takk for ein aktiv vår !

Nå er dei fleste av vårens aktivitetar ferdige og vi tek snart sommarferie. Det har vore ein aktiv vår og eg vil takke alle som har stilt opp og delteke på aktivitetane våre.

Grautsalet på bygdedagen gjekk unna, vi solgte ut all grauten og fekk inn over kr. 20.000,- brutto. Fekk nokre tilbakemeldingar på ting som kan endrast og det er bra, vi tek ei evaluering til hausten. 

Vi har ei fin utstilling i "skulestoga" i magasinet i Øyskogen, vi har ynskje om å ha utstillinga open kvar laurdag i juli og gjerne i august og fram til laurdag 19. august då det er Skeid. Nokre har alt sagt seg villige til å ta ei vakt, men vi har fleire laurdagar som vi ynskjer å fylle opp:

Laurdag   1. juli           Kari Lassemo

     "       8. juli            Berit Bjaadal

     "      15. juli           Gunn K. Haakenstad

     "      22. juli           Grethe Momrak-Haugan

     "      29. juli           Ledig

     "       5. august       Ledig

     "     12. august       Ledig

     "     19. august       Ledig

Meld ifrå til meg om de kan ta ei vakt.

 

Ellers har vi blitt invitera med Fyresdal turlag på tur til Flågjæva, hytta til Gunhild Momrak, tysdag 20. juni. Avreise frå banken kl. 16.00 for dei som vil gå via Igletjønnuten, dei som vil ha ein kortare tur opp til hytta møter på bankplassen kl. 15.00. Håpar mange blir med på tur denne kvelden !

Vi har mange aktivitetar ut over hausten, sjå på vedlagt aktivitetsplan og hald av datoane.

God sommar!

For styret i Fyresdal bygdekvinnelag

Eva Greivstad, leiar

aktivitetsplan_2017_0.docx