Hopp til hovedinnhold

Fyresdal Bygdekvinnelag

Topptur på Igletjønnuten


Tysdag 19. juni er det topptur til Igletjønnuten, 949 mo.h..

Frå toppen fylgjer vi ristene inn til Gunhild si hytte på Flågjæva. Dette er ein lett fin tur med flott utsyn heile vegen. Inne ved hytta vert det servera mat og kaffi. Høve til å fiske. Tilbake går vi ein lett stig nedover der vi har sett att nokre bilar. Vi inviterer spesielt Bygdekvinnelaget til å bli med oss. Dei som ynskjer det kan gå opp same veg som ein går ned att. Denne er kortare og startar kl. 15.00. Bok å skrive i på Igletjønnuten.
Område: Momraksheia. Terreng: Lang, lett tur.6 km inn og 2 km ned att. Naturlos: Gunhild Momrak.


Fast møteplass er på Bankplassen ( Sparebanken Sør) i sentrum. Tak med passande klede, mat og god turlyst. Alle som er med går turen på eige ansvar. Atterhald om endringar i oppsette turar. Turar merka med * har bok på toppen.
Toppturgruppa «På Tøpp i Førsdal» v/Gunhild Tlf. 957 91 511 eller e-post gm@telefiber.no

 

Sjå facebook-arrangement i regi toppturgruppa https://www.facebook.com/events/149489212580257/